Skip to content

Kongevegen - Oddebrui Traditional Cache

Hidden : 8/3/2016
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Oddebrui


Cachen er ikkje plassert på vegen eller vegkonstruksjonen.
Eng: The Cache is not placed on the road or the roadconstruction.



Veginspektør Iwer Moss fekk seg ei ubehageleg overrasking i vårløysinga i 1792. Han leidde arbeidet med den nye kongevegbrua over Oddedøla, då elva vaks seg mykje større enn forventa og rann høgt over dei nylagde brukara. Moss såg inga anna råd enn å auke høgda på steinkara med 2 alner (1,25 meter) for å sikre at «Rejsende Folck komme tøer over den Idelige Damp af Vand som denne Faas-Elv med førre».

Det var mykje byggjestein som gjekk med til å mure brukara. Minerarane arbeidde hardt for å finne og hogge ut stein. Dei lokale bøndene deltok også i bygginga, på pliktarbeid. Dei måtte mellom anna køyre fram all steinen til brukara. Bygginga skjedde midt i dei travlaste sommarmånadene på garden, og bøndene stilte ikkje alltid opp når dei skulle. Veginspektøren var lite nøgd med innsatsen deira, og meinte dei slurva med arbeidet. I frustrasjon skreiv han til generalvegmeister Christopher Hammer at «I morgen skal jeg nu tilsende dem een Epistel opfyldt med trudsler, om den kand udvircke Noget».

Oddebrui vart truleg utbetra på midten av 1800-talet og var i bruk heilt til vegen vart lagd om i 1910. Etter kvart forsvann treverket, slik det ofte gjer på nedlagde bruer, og i lang tid stod berre brukara att.

I 2014 vart Oddebrui attreist med nytt treverk, bygd på same måten som 200 år tidlegare. Generalvegmeister Hammer hadde i sin veginstruks frå 1794 gjeve ei god og detaljert skildring av korleis ei kongevegbru skulle vere. Mellom anna skulle ho ha solide berebjelkar nedfelt i muren, tett golv og høgt rekkverk. Alt måtte tjærast tre gonger for å halde seg lenge. På kvar ende av rekkverket skulle det vere høge endestolpar utsmykka med høvesvis Kongen sitt monogram, namnet på brua, årstalet og namnet på brubyggjaren. Dette skulle gjerast så smukt «som ethvert Sted (den alt for megen Bekostning) tillader».

Då den Bergenske Kongeveg vart bygd på slutten av 1700-talet, fekk ein for fyrste gong køyreveg mellom Aust- og Vestlandet. I dag er den gamle Kongevegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna vi har. Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå tronge og dramatiske fjordlandskap inst i Sognefjorden, via høgfjellet på Filefjell, og ned i innlandsbygdene i Valdres. Ei reise mellom landsdelane - med den historiske Kongevegen som den raude tråden undervegs. Der vegen er borte nyttar ein andre trasear, slik at det blir ein samanhengande turveg frå Lærdalsøyri til Vang. Syklistar har alternative ruter utanom dei mest sårbare delane av Kongevegen.



The spring thaw of 1792 brought an unpleasant surprise for Road Inspector Iwer Moss. He was in charge of the work on the Kongevegen bridge over river Oddedøla when water levels suddenly rose high above the new bridge piers. Moss’ only option was to increase the height of the stone piers with 2 ells (1.25 metres) to ensure that "Wayfaring folk stay dry over the perpetual spray from this cascading river".

The bridge piers required large amounts of stone, and obtaining material suitable for use was a challenge for the workers. Local farmers also helped with the construction, as was their duty. One of their tasks was to transport stone to the bridge piers. As the building work took place during summer, their busiest months, the farmers did not always turn up. The Road Inspector was not impressed with their efforts, and considered their work sloppy. In frustration, he wrote to the Director-General of Roads, Christopher Hammer, that "Tomorrow I will send them an epistle filled with threats; it may be of some effect".

Oddebrui bridge is likely to have been upgraded in the mid-1800s, and remained in use until a new road was built in 1910. As time went by the woodwork disappeared, as often happens with disused bridges, and only the piers remained.

Oddebrui was rebuilt and fitted with new woodwork in 2014, and had the same characteristics as 200 years earlier. In his instructions of 1794, Hammer had provided an accurate, detailed description of what constituted a Kongeveg bridge. Among his specifications were sturdy girders, a sealed surface and high railings. Everything had to be tarred three times to ensure a long lifespan. High pillars decorated with the King's monogram, the name of the bridge, construction year and the name of its builder should be placed at each end of the railing. This was to be done as beautifully "as each location (without too high a cost) allows".

Bergenske Kongeveg, built at the end of the 1700s, was the first proper road between eastern and western Norway. Today, the old Kongevegen is one of our most beautiful cultural heritage routes. The 100 km Kongevegen across Filefjell walk leads through some of Norway's most spectacular scenery. From the narrow, dramatic fjord landscape innermost in the Sognefjord, via the high mountains at Filefjell, and down to the inland villages in Valdres. A journey from one part of the country to another – linked together by the historic Kongevegen.
Kilde/Source: Statens vegvesen



Geocaching i Norge

Additional Hints (Decrypt)

Haqre owøex Rat:Haqre ovepu

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)