KONGEVEGEN OVER FILEFJELL
Då den Bergenske Kongeveg vart bygd på slutten av 1700-talet, fekk ein for fyrste gong køyreveg mellom Aust- og Vestlandet. I dag er den gamle Kongevegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna vi har.
Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå tronge og dramatiske fjordlandskap inst i Sognefjorden, via høgfjellet på Filefjell, og ned i innlandsbygdene i Valdres. Ei reise mellom landsdelane - med den historiske Kongevegen som den raude tråden undervegs. Der vegen er borte nyttar ein andre trasear, slik at det blir ein samanhengande turveg frå Lærdalsøyri til Vang. Syklistar har alternative ruter utanom dei mest sårbare delane av Kongevegen.
Om du vil vandre kortare eller lengre strekningar, er det mange moglegheiter for det. Du kan til dømes gå den dramatiske vegen gjennom Galdane, oppleve imponerande byggjekunst i hårnålssvingane i Vindhella, bli eitt med naturen langs høgfjellsvegen mellom Maristova og Kyrkjestølen, spasere gjennom innlandsdalen mellom Tyinkrysset og Øye, eller ta ein tur opp den stupbratte Kvamskleiva - om du tør!
KONGEVEGEN ACROSS FILEFJELL
Bergenske Kongeveg, built at the end of the 1700s, was the first proper road between eastern and western Norway. Today, the old Kongevegen is one of our most beautiful cultural heritage routes.
The 100 km Kongevegen across Filefjell walk leads through some of Norway's most spectacular scenery. From the narrow, dramatic fjord landscape innermost in the Sognefjord, via the high mountains at Filefjell, and down to the inland villages in Valdres. A journey from one part of the country to another – linked together by the historic Kongevegen.
Whether you prefer short or long walks, the options are many. Enjoy the dramatic route through Galdane, experience the impressive road engineering work at the hairpin bends of Vindhella, become one with nature along the high-mountain road between Maristova and Kyrkjestølen, stroll through the inland valley between Tyinkrysset and Øye, or hike up the staggeringly steep Kvamskleiva – if you are brave enough.
LENSMANNSGARDEN PÅ KVAM
Like nedanfor Kongevegen ligg det gamle gardstunet til Kvam. Gamletunet har ni hus frå rundt 1780- til 1860-åra. På 1800-talet var Kvam lensmannsgard med arrest og tingstad.
I 1827 sat Gjest Baardsen, dømd til livsvarig slaveri, i arresten her under fangetransporten frå Bergen til Akershus festning. Gjest Baardsen var ein notorisk forbrytar og var kjend for å ha rømt frå fengselet mange gonger. Han bar på 30 kilo jarn som skulle hindre han i å stikke av, og i Kvam bad han lensmannen om å få ha av jarna medan han sov. Det skulle han få, om han gav sitt ord på at han ikkje ville nytte høvet til å rømme. Gjest Baardsen gav sitt ord – og heldt det, fordi han «ikkje ville bryte eit løfte til ein lensmann som tok han for sitt gode ord»! (Frå boka Mitt levnedsløb av Gjest Baardsen).
Lensmannsgarden er no driven som eit gardsmuseum, medan det nye gardstunet til Kvam ligg nær E16.
KVAM – SEAT OF THE DISTRICT SHERIFF
Old Kvam farm is located just below Kongevegen, and comprises nine buildings dating from around the 1780s to the 1860s. As the seat of the district sheriff during the 1800s, it operated as a prison with as well as a thingstead (moot).
In 1827, Gjest Baardsen, a notorious criminal sentenced to hard labour for life, was held at the farm during his transport from Bergen to Akershus Fortress. He famous for having escaped from prison on several occasions, and was chained with 30 kilos of iron to prevent him from running away. In Kvam, he asked the district sheriff for permission to have this removed when he slept. This was granted on condition that he gave his word that he would not use the opportunity to escape. Gjest Baardsen gave his word – and kept it, because he “did not want to break a promise to a district sheriff who trusted him on his word”! (From the book Mitt levnedsløb by Gjest Baardsen).
Today, the old farm is a museum, whereas new Kvam Farm is located close to the E16.
Cachen er ein lock'n lock-boks som inneheld loggbok, blyant og noen få bytteting.
The cache is a lock'n lock-boks with loggsheet, pencil an a few trade items.

