Skip to content

Kongevegen - Søndrol Traditional Cache

Hidden : 8/22/2016
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Søndrol

Cachen er ikkje plassert på vegen eller vegkonstruksjonen.
Eng: The Cache is not placed on the road or the roadconstruction.


KONGEVEGEN MELLOM SYNDROL OG NESET

Frå gammalt av gjekk ferdsla med ferje over Vangsmjøse ved det smale sundet mellom Sundshella (Syndrol) og Leirhol. Både folk, hestar og vogner vart rodde over her.

Også Kongevegen gjekk med ferje over vatnet i starten. Men alt 1808 la dei køyrevegen om Kvamskleiva, eller Galden, på sørsida av Vangsmjøse. Men om ein slapp ferja, så var den nye vegen over Kvamskleiva frykteleg bratt, og på vinterstid reint livsfarleg. Historia kan fortelje om dramatiske hendingar når tunge lass skulle opp eller ned på blankt hålkeføre, eller når personar skulle fraktast på kjelke eller i vogn. Kvamskleiva vart ein berykta del av Den Bergenske Kongeveg, og ho er mykje omtala i reiseskildringar på 1800-talet. Det var ei stor lette då vegen i 1862 vart erstatta med ny veg langs Vangsmjøse.

Frå Syndrol mot Neset går Kongevegen sørover gjennom eit storslått kulturlandskap. Undervegs kan ein også oppleva gamle Kvam lensmannsgard. Siste delen, det bratte stykket i Kvamskleiva, er i dag ein fin og trygg veg å gå, med flott utsikt på toppen.

KONGEVEGEN OVER FILEFJELL

Då den Bergenske Kongeveg vart bygd på slutten av 1700-talet, fekk ein for fyrste gong køyreveg mellom Aust- og Vestlandet. I dag er den gamle Kongevegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna vi har. Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå tronge og dramatiske fjordlandskap inst i Sognefjorden, via høgfjellet på Filefjell, og ned i innlandsbygdene i Valdres. Ei reise mellom landsdelane - med den historiske Kongevegen som den raude tråden undervegs. Der vegen er borte nyttar ein andre trasear, slik at det blir ein samanhengande turveg frå Lærdalsøyri til Vang. Syklistar har alternative ruter utanom dei mest sårbare delane av Kongevegen. 

 

KONGEVEGEN BETWEEN SYNDROL AND NESET

In the early days, travellers had to cross lake Vangsmjøse by ferry at the narrow strait between Sundshella (Syndrol) and Leirhol. People as well as horses and carts were rowed across.

To start with, the ferry crossing was kept as part of Kongevegen, but already in 1808 the road was redirected via Kvamskleiva, or Galden, on the southern side of Vangsmjøse. Although travellers no longer had to make this crossing, the new road across Kvamskleiva was awfully steep and extremely dangerous during winter. There are many dramatic stories of when heavy loads, or people on sledges or in carts, were carried up or down on black ice. Kvamskleiva was a feared section of Den Bergenske Kongeveg, and features in numerous travelogues from the 1800s. It was a great relief when the road, in 1862, was replaced by a new route along lake Vangsmjøse.

From Syndrol towards Neset, Kongevegen leads south through a spectacular cultural landscape. Along the way you will also find old Kvam Farm – once home to the district sheriff. The final section, the steep Kvamskleiva, is today a beautiful and safe walk – with spectacular views at the top.

KONGEVEGEN OVER FILEFJELL Bergenske Kongeveg, built at the end of the 1700s, was the first proper road between eastern and western Norway. Today, the old Kongevegen is one of our most beautiful cultural heritage routes. The 100 km Kongevegen across Filefjell walk leads through some of Norway's most spectacular scenery. From the narrow, dramatic fjord landscape innermost in the Sognefjord, via the high mountains at Filefjell, and down to the inland villages in Valdres. A journey from one part of the country to another – linked together by the historic Kongevegen. Kilde/Source: Statens vegvesen

 

Additional Hints (Decrypt)

Uratre

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)