ÅRSTAL I BERGVEGGEN
På denne plassen, Båsen, er det hogd inn årstal to stader i bergveggen. Årstal i bergvegg var ein vanleg tradisjon mellom 1850 og 1950. Desse er hogde av bygdekunstnaren Trond Andrisson Skjøre (1834–1918) og markerer opninga av den om lag 3,5–4 km lange Vestsidevegen eller Gamlevegen i 1859. Denne vegen var ein del av Den Bergenske Hovudvegen. Medan Kongevegen skulle gå rett fram, følgde den nye hovudvegen terrenget slik at det vart lettare for hest og vogn å ta seg fram. Difor er det berre nokre stader at vegane følgjer same trase. Frå 2011 fekk vegen det offisielle namnet Strøndafjordvegen.
Langs vegen kan du sjå dei karakteristiske stabbesteinane. Mange har rasa ut, men i 2011 vart fleire sette opp igjen av grunneigarar med hjelp av Statens vegvesen og sherpaer frå Nepal.
KONGEVEGEN OVER FILEFJELL
Då den Bergenske Kongeveg vart bygd på slutten av 1700-talet, fekk ein for fyrste gong køyreveg mellom Aust- og Vestlandet. I dag er den gamle Kongevegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna vi har. Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå tronge og dramatiske fjordlandskap inst i Sognefjorden, via høgfjellet på Filefjell, og ned i innlandsbygdene i Valdres. Ei reise mellom landsdelane - med den historiske Kongevegen som den raude tråden undervegs. Der vegen er borte nyttar ein andre trasear, slik at det blir ein samanhengande turveg frå Lærdalsøyri til Vang. Syklistar har alternative ruter utanom dei mest sårbare delane av Kongevegen.
YEARS CARVED IN STONE
At this location, Båsen, two important years have been carved in the rock face. This was a common tradition between 1850 and 1950. These two particular carvings were made by the artist Trond Andrisson Skjøre (1834–1918), and marked the opening of the 3.5–4 km long Vestsidevegen, or Gamlevegen, road in 1859. The stretch formed part of Den Bergenske Hovedvei. Kongevegen had been built in a straight line, but the new main road followed the terrain to make it more horse-and-cart friendly. This is why the two routes only occasionally follow the same course. In 2011, the road was officially named Strøndafjordvegen.
The route is lined with the characteristic kerb stones. Many of the stones have tumbled down the mountain side over the years, and in 2011 some of the landowners took the initiative to put several of these back in place – with the help of the Norwegian Public Roads Administration and Sherpas from Nepal.
KONGEVEGEN OVER FILEFJELL Bergenske Kongeveg, built at the end of the 1700s, was the first proper road between eastern and western Norway. Today, the old Kongevegen is one of our most beautiful cultural heritage routes. The 100 km Kongevegen across Filefjell walk leads through some of Norway's most spectacular scenery. From the narrow, dramatic fjord landscape innermost in the Sognefjord, via the high mountains at Filefjell, and down to the inland villages in Valdres. A journey from one part of the country to another – linked together by the historic Kongevegen. Kilde/Source: Statens vegvesen.


Cachen inneholder ved utlegg loggbok, blyant og bytteting.
Eng: The cache contains loggsheet, pencil and a few trade items