ØYGARDSJORDET OG «BØTTEHANKPRINSIPPET»
Vegen over Øygardsjordet er eit typisk døme på korleis ein bygde dei fyrste køyrevegane i landet. Dei gjekk beint fram, slik også dei gamle ridevegane gjorde. Vegen vart på den måten kort på kartet, men fekk samstundes mange bratte bakkar, ofte med ei stigning på 20-40 prosent. Dette vart ikkje sett på som eit stort problem så lenge trafikken var liten og lasta overkommeleg.
Men trafikken endra seg raskt i åra etter at køyrevegane kom. Hjulkøyretøy vart meir og meir vanleg, og transportbehovet auka. Det synte seg snart at dei bratte bakkane var lite eigna for den nye måten å ferdast på, og kring midten av 1800-talet skjedde det eit skifte innafor vegbygginga i landet. Frå no av skulle vegane byggjast i meir flatt terreng og med slake stigningar, helst ikkje på meir enn 4-5 prosent. Slik kunne vogner og last førast fram utan vanskar. Der ein tidlegare gjekk rett fram, vart vegane no lagde rundt hindringar og bratte parti.
Vegen blir ikkje kortare om ein legg han ned i ein dal eller over ein fjelltopp, vart det sagt. Dette såkalla bøttehankprinsippet vart illustrert med ein bøttehank som er like lang anten han står rett opp eller ligg rundt sida på bøtta.
I 1859 vart vegen mellom Øye og Hermundstad lagt om ut frå dei nye prinsippa, og den bratte vegen om Øygardsjordet vart erstatta med ny veg som fylgjer terrenget.
KONGEVEGEN OVER FILEFJELL
Då den Bergenske Kongeveg vart bygd på slutten av 1700-talet, fekk ein for fyrste gong køyreveg mellom Aust- og Vestlandet. I dag er den gamle Kongevegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna vi har. Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå tronge og dramatiske fjordlandskap inst i Sognefjorden, via høgfjellet på Filefjell, og ned i innlandsbygdene i Valdres. Ei reise mellom landsdelane - med den historiske Kongevegen som den raude tråden undervegs. Der vegen er borte nyttar ein andre trasear, slik at det blir ein samanhengande turveg frå Lærdalsøyri til Vang. Syklistar har alternative ruter utanom dei mest sårbare delane av Kongevegen.
ØYGARDSJORDET AND THE “BUCKET-HANDLE PRINCIPLE”
The stretch across Øygardsjordet is a typical example of how the country’s first roads suitable for horse-drawn vehicles were built. Like the old pack-horse tracks, they followed a straight line. On the map this was the shortest route, but also one that featured numerous steep hills – often with a 20–40% gradient. This was not considered a problem as long as traffic was limited and loads manageable.
With the improved road quality, however, the number of travellers changed rapidly. Carts and wagons became more and more common, and the demand for transport increased. It soon became evident that the steep hills were highly unsuitable for the new modes of travel, and around the mid-1800s there was a shift in the country’s approach to road construction. From then on, routes should follow more flat terrain and only have gentle gradients, preferably not more than 4–5%. This would ensure that carts could be used without difficulty. Where traditionally a straight line would have been chosen, roads were now built to avoid obstacles and steep sections.
A route will not be any shorter whether its course is down in a valley or across a mountain, it was said. This was called the bucket-handle principle, and was illustrated by showing that the length of a bucket handle did not change whether it was standing up or resting against the side of the bucket.
In 1859, the stretch between Øye and Hermundstad was changed based on this new principle, and the steep section via Øygardsjordet was replaced with a new road following the terrain.
KONGEVEGEN OVER FILEFJELL Bergenske Kongeveg, built at the end of the 1700s, was the first proper road between eastern and western Norway. Today, the old Kongevegen is one of our most beautiful cultural heritage routes. The 100 km Kongevegen across Filefjell walk leads through some of Norway's most spectacular scenery. From the narrow, dramatic fjord landscape innermost in the Sognefjord, via the high mountains at Filefjell, and down to the inland villages in Valdres. A journey from one part of the country to another – linked together by the historic Kongevegen.

