Kyrkja vart oppført av byggmeister Joen Jacobsen og innvigd 16. mars 1758. I 1766 fekk kyrkja bordkledning, og i 1777 vart det gjort om på interiøret. Mellom anna vart korskillet fjerna, og kyrkja fekk tønnekvelving med påmala himmel og skyer. I 1830 fekk kyrkja sakristitilbygg i aust, og omkring 1900 vart interiøret endra: Kvelvinga måla kvit, veggene fekk panel og mykje av inventaret vart skifta ut. Det vart gjort om på dette ved restaureringar i 1930-åra og 1956.
Kyrkjegarden vart teken i bruk i 1690. Der stod det i si tid eit gravkapell. Sidan er kyrkjegarden fylt opp, og ny kyrkjegard er teken i bruk ved Tørmo, der ein finn eit gravkapell frå 1914 (ombygd 1957).
