Fanafjellet er eit uoffisielt, men vanleg namn på det skogkledde fjellområdet som ligg sør for Fanabygda og Fanafjorden i Bergen kommune i Hordaland. På Fanafjellet finst det fem toppar, her opprekna frå vest mot aust:
* Folldalshaugen (300 m.o.h.)
* Lysskarfjellet ("Linken") (313 m.o.h.)
* Høgeåsen (309 m.o.h.)
* Fanasåta (284 m.o.h.)
* Ramberget (300 m.o.h.)
Fanaseter ligg mellom Ramberget og Fanasåta. Fanafjellsvegen går over fjellet frå Fana til Nordvik, og passerer Fanaseter om lag 233 m.o.h.. I gamal tid gjekk ferdslevegen mellom Fana og Nordvik gjennom Lysskaret, eit søkk i terrenget like aust for Lysskarfjellet.

Utsynet er flott, sommar som vinter.
Til Ramberget kjem du enklast ved å gå på den tydelege stien som startar på sida av kurssenteret ved Fanaseter. Du skal gå inn gjennom porten like til venstre for kurssenteret. Stien leier deg først opp ein bakke mellom fleire av dei gamle husa på stølsmuseet, før du går gjennom ein ny port og kjem ut i skogen. Stien er grusa lengst nede, men er stort sett tørr og fin heilt opp til Ramberget. Turen er ikkje lang, og du skal berre forsera 70 høgdemeter før du er framme ved det flotte utsiktspunktet. På toppen har Fana Bygdens Venner sett ut to benkar. Elles er det mange fine berg å sitja på. Ein tur til Ramberget for å sjå på solnedgangen kan tilrådast.

Solnedgangen er ekstra flott sett frå Ramberget.
Frå Ramberget går det tydeleg sti vidare i vestleg retning langsover Fanafjellet, mot Lysskarfjellet og vidare mot Folldalshaugen og Krokeide. Fana Bygdens Venner har sett opp skilt og merka løyper. Her finst det fleire rundturar du kan gå, og alle går innom Ramberget.

Fanafjorden i framgrunnen, Sotra i bakgrunnen.