Her er det eit fint utsiktspunkt som høver veldig bra for ein rast. Mot sør ser du Lysefjorden, mot nord ser du mot Bergen. Fanabygdens Venner, som i dei siste åra har lagt ned mykje dugnadsarbeid i å tilretteleggja, rydda og skilta stiane på denne delen av Fanafjellet, har nyleg (hausten 2016) sett opp ein flott benk ikkje langt unna nullpunktet. Du bør kanskje ikkje finna cachen dersom det sit mugglarar på benken...

Over: Benk ikkje langt frå nullpunktet.

Over: Utsyn mot sør. Nærast ser du Lysefjorden med Lysøyo, lenger bak kan du sjå mot Fitjar.
Under: Utsyn mot nord.
