Kyrkjetinden er ein lite gått fjelltur i Ørsta Sentrum, på 1070moh. Frå toppen har ein nydelig utsikt mot mange kjende toppar på Sunnmøre. Nabotoppen Saudehornet på 1303moh, er ein kjend fjelltopp med mykje trafikk heile året. Frå toppen ser ein blandt anna Vassdalstinden, Kolåstinden, Kjerringa og mange andre kjende toppar.
Veibeskrivelse:
Parker ved bommen i Vallageila, i enden av Fonnavegen (Waypoint; Parkering). Det er også mulig å kjøre inn i "fonna" litt lenger nede, om det er fullt på parkeringa. Om du vil parkere i "fonna", køyrer du inn til høgre grusvegen før parkeringa (om ein kjem nedanfrå). Fortsett til fots på grusvegen (Fonnavegen). Om du ønskar å gå på sti, kan du ta av inn/opp til høgre på fonnvernet 20-30m inn på grusvegen (bilde)
Når ein nesten har kome til enden av grusvegen, tek ein av opp til venstre inn i skogen ved to kappa graner (bilde) Fortsett oppover i stien til du har kome over skoggrensa, her tek ein av på ein sti inn til høgre (Waypoint; Stikryss) Her er stien synlig, men ikkje veldig tydelig. Herfra følger ein stien vidare inn i Skytjadalen/Skytjeåna.
Inne i enden av Skytjadalen kan stien vere noko utydelig, men den er merka med vardar og raude prikkar. Om ein ser seg godt om, skal det ikkje vere noko problem å holde seg til stien. Stien er mest utydelig frå Skytjadalen og vidare til toppen. Waypoint er lagt inn på kanten der stien går ned i Skytjadalen, frå toppen. Frå kanten/ryggen og vidare opp til toppen, er det mange vardar og raude prikkar. Ura på vei til toppen har ein del lause stein, så trå varsomt!