Skip to content

Åseral kyrkje Traditional Cache

Hidden : 12/6/2016
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Staden der kyrkja står heitte frå gamalt Åbø. Åseral kyrkje er for første gong nemnd i Pavelige Nuntiers Regnskaps- og Dagbøker frå åra 1282-1334.
Den gamle kyrkja var ei laftebygd trekyrkje, ho vart restuarert i 1705. Frå 1721 og nokre år framover selde kong Fredrik IV mange kyrkjebygg i Noreg, avdi han var i pengevanskar.
Soga fortel at i 1750 kjøte Olav Gunnarsson Verdal Åseral kyrkje av Knut Ellingsson Nerstøl i Eiken. Han har vore kyrkjeeigar i fleire år og var lei av det. Ålmugen i Åseral kjøte så att kyrkja si, og fekk auksjonsskøyte på henne i 1755.
Kyrkjespiret, det same som er på kyrkja i dag vart smia i 1705 av Knut Gunnulvson Mørk, og har bokstavane K.G.S.M. 1705.
På døra som vender mot sør, er det ein kunstferdig smia jernring. Den er truleg laga av Ånund Reierson Forgard i byrjinga av 1700-talet den og. Ei lita barokklysekrone i messing er og henta frå den gamle kyrkja.
Den gamle kyrkja vart reven og ny kyrkje bygd i 1822. Byggmeistrar var Olav O. Åsland og Olav Bakken. Dei må ha teke godt vare på det gamle, for dei tinga som er nemnd ovanfor, har vi i kyrkja vår i dag.
Tradisjonen fortel og at våpenhuset skal vera bygd av stokkar frå den gamle kyrkja. I våpenhuset heng ei kyrkjebenkdør, med årstalet 1712 måla på. Over inngangsdøra står innskrifta «Til guds ære og Folkets gavn er denne kirke oppført i 1822».
Altertavla er i treskurd og karokkstil. Den vart og laga i 1822, og måla av Bernt Aslakson Spillebrokk frå Fjotland. Døypefatet er eit fint messingfat frå 1706, gjeve som gåve frå Monseur Christopher Spinke, Christiansand.
I koret står ein gamal umåla stol, på den står det skriva: Søren Sørensen Schive – 1724. Presten Schive ville nok sitja godt når han vart i Åseral kyrkje.
Kyrkjeklokka frå 1872 er levert av Porsgrund Mek. Verkstad. Den gamle klokka frå 1763 sprakk ein gong dei ringa for hardt men henne.
Sidan det er ei korskyrkje, er der to trev(galleri) med benker. Over inngangsdøra er orgeltrevet. I allt har kyrkja 300 sitjeplassar.
Kyrkja vart restaurert i 1952, og dei gamle fargane kom atende. Sakrestiet vart bygd i 1953-54. Nytt orgel kom i 1960. Same året vart det lagt inn elektrisk oppvarming, men omnen fekk lov til å stå.
Bårehus/uthus vart bygd i 1972. Året etter kom det ljoskastarar-anlegg. Det lyser vakkert opp midt i kyrkjebygda.
I 1981 vart kyrkja måla utvendig, og nokre år etter, i 1986 fekk så kyrkja eit nytt målingstrok innvendig.
På Åseral kyrkjegard ligg der 10 graver frå 2.verdenskrig. To engelske fly vart skotne ned i desember 1944. Det eine med Tindefjell og det andre på heia ved Reiersdal. Kvar 17.mai vert det etter Gudstenesta halde minnetale og lagt ned krans på flygargravene. På Rådhuset heng to minnetavler gjevne i takksemd frå engelske slektningar som har vitja gravplassen.

 

Kilde: Den Norske Kyrkje, Åseral Kyrkje Kontor

Additional Hints (Decrypt)

Zntargvfx, zvqg haqre/onx

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)