Denne geocachen er plassert ved Bergstøbrua. Bergstøbrua har berre eit åtte meter langt spenn, men var likevel ei av dei to lengste bruene på Osbanen. Den andre brua med spenn åtte meter låg ved stasjonsområdet på Hamre. Det var den rimelege måten Osbanen vart bygt på, med mange og krappe kurver slik at banen kunne gå rundt dei aller fleste hindringane i terrenget, som mellom anna var årsak til at banen ikkje fekk lengre bruer. Banen fekk heller ikkje ein einaste tunnel, og det til trass for at banen gjekk gjennom eit nokså kupert landskap.
Bergstøbrua har i nyare tid fått nytt tredekke og rekkverk, og ei betongbru for VA-leidningar er støypt under Osbanen si gamle platebru, men elles er brua intakt.
Når du står på Bergstøbrua, skal du leggja merke til at det er tre ulike delar av samferdslesoga som vert synleggjort med bruer i den same elva, frå Vindalsvatnet til Gåssandvatnet. Innafor berre 250 meters avstand ligg tre historiske bruer: Nærast Gåssandvatnet ligg jernbanebrua frå Osbanen, vel 30 meter ovanfor ligg gamle vegbrua frå 1875 i naturstein, som i dag er synleg frå sidene fordi dagens bru for E39 er bygt over den opphavlege brua. Og ytterlegare 220 meter lenger oppe ligg postvegbrua som er bygt ein gong på 1840-talet. Den gamle vegbrua frå 1875 har tydeleg hatt postvegbrua som førebilete.

Over: Tog på veg sørover mot Os passerer over Bergstøbrua i 1920. Foto: Kaptein Tang, NGO.
Under: Den gamle vegbrua ligg der framleis, men ikkje synleg frå E39, som går på ny bru over den gamle. Fotoet er teke frå jernbanetraseen ved Bergstøbrua.

Osbanen
Nesttun-Osbanen var ein smalspora jernbane bygt for hovudsakeleg privat kapital og driven som eit aksjeselskap der private interesser hadde majoriteten. Osbanen var den einaste norske jernbanen for eit offentleg føremål som var bygt etter privat initiativ. Banen var bygt på rimelegaste måten, med smalt spor, smal trase, lett overbygging, spinkle skjener, mange og krappe kurver og små og lette lokomotiv og vogner.
Banen var prosjektert og bygt for 600 mm sporvidde, men i anleggsperioden endra til 750 mm sporvidde utan endringar i underbygging eller profil. Ingen annan norsk jernbane har vore bygt for så smalt spor. Difor vart Osbanen den minste offentlege jernbanen i Noreg.
Osbanen hadde minste akseltrykk (3,2 tonn) for ein norsk jernbane, minste kurveradius (50 meter), og dei spinklaste skjenene (9 kg/m). Banen vert hugsa for dei mange og krappe kurvene. Største tilletne toppfart var 25 km/t.
Osbanen starta på Nesttun stasjon på Vossebanen. Dei andre stasjonane og stoppestadene var Skjold, Rådal, Stend, Solbakken (frå 1927), Fana, Hamre, Kismul (frå 1895), Kalandseid, Søfteland, Ulven, Kuven, og så Osøyro, som var banen sin hovudstasjon, med kontor, vognhall, lokomotivstall og verkstad.
Banen fekk i 1893 levert to lokomotiv av typen Mallet, ”Bjørnen” og ”Ulven”, pluss eit mindre, 9-tonns lokomotiv som dei kalla ”Rotten”. I 1895 fekk banen ytterlegare eitt Mallet-lokomotiv, heitande ”Os”. Mallet-lokomotiv var ledda lokomotiv med to rammer, spesialkonstruerte for små og lette jernbanar med krappe kurver. Osbanen var den einaste banen i Noreg som nytta slike lokomotiv. Eit nytt og mykje større lokomotiv, ”Baldwin”, vart levert frå Philadelphia i 1917, men var for tungt og stivt for banen, og vart difor nytta så lite som mogeleg. Elles hadde banen femten personvogner og like mange godsvogner.
Trass i at Osbanen var eit vesleputt-tog og eit ynda objekt for samtida sine vitsemakarar, gjorde banen stor nytte for seg i dei 41 åra han eksisterte. Meir enn 4,4 millionar passasjerar reiste med Osbanen. I tillegg frakta han 41.065 tonn ilgods, 122.797 tonn fraktgods og ca. 10.000 husdyr. I toppåret 1917/18 hadde banen 222.000 reisande. Osbanen var både den norske privatbanen og sidebanen med størst passasjertal. Historikarar har tillagt Osbanen mykje av æra for framveksten av strandstaden Osøyro (Osøren) som eit større sentrum ved Bjørnefjorden.
Fottur eller sykkeltur på Osbanetraseen
Du er hermed invitert til å utforska traseen etter denne unike strekninga i norsk jernbanehistorie. Den beste måten å følgja Osbanen på er med sykkel eller til fots. Difor er det lagt opp til eit større tal geocachar langs banen. På denne måten skal ein sykkel- eller fottur kunna verta spennande for heile familien. Turen kan sjølvsagt delast opp i fleire etappar. I dag kan du gå eller sykla samanhengjande på Osbanen frå Nesttun til Kalandseid. Sørover frå Kalandseid til Røykenes ligg banen brakk, meir eller mindre som ein dårleg vedlikehalden gardsveg, og to stader er det oppført bygningar i traseen. Frå kommunegrensa og eit stykkje sørover kan du igjen følgja traseen, nesten til Søfteland. Forbi Søfteland er traseen delvis borte, delvis lokalveg. Mellom Bergstø og Hetlefloten ligg banen som ein fin, grusa turveg. Så har E39 slukt banen mellom Hetleflotsvingen og Ulven stasjon. Den siste strekninga frå Ulven til Os ligg det gang- og sykkelveg på banetraseen.
Fleire opplysningar om sykkelturen langs Osbanen finst her:
www.osbanen.no/obv - Osbanens Venner og Stend stasjon
www.osbanen.no/nob - Nesttun-Osbanen AS, eigar av Rådal stasjon
home.sklbb.no/melheim/osbanno.htm - Terje Melheim sine sider om sykkeltur på Osbanen

Det vesle toget til Os. Teikning: Sverre Mo.
Innhald: Loggbok, blyant og noko småtteri.