Skip to content

Gåsakilen - sidespor og ei lita bru - Osbanen Traditional Cache

Hidden : 3/19/2017
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Gåsakilen - sidespor og ei lita bru - Osbanen

Ved Osvassdraget finst det fleire interessante og verdfulle kulturminne frå Osbanen. Fyllinga med brua i Gåsakilen er eit særmerkt fysisk minne frå banen. I tillegg finst enno den flott oppmura traseen frå eit sidespor.

Like aust for geocachen finn du traseen frå eit sidespor som gjekk frå Osbanen og ned til Gåssandvantet. Truleg gjekk du over første delen av traseen for å koma fram til nullpunktet. Traseen er framleis godt synleg, der han delvis går på ein svært høg, flott natursteinsmur. Sidesporet var 80 meter langt og vart bygt i juni 1918. Krigen var direkte årsak til at sporet vart bygt. Staten måtte hogga større mengder ved i skogane innover mot Gåssand. Veden vart fløta over Gåssandvatnet til Os skogbrukslag si opplagstomt, og det vart bygt bryggje og naust for laget sine båtar. Omtrent 1200 m3 ved skulle etter planen transporterast over sidesporet dei første par åra. Sporet vart truleg liggjande fram til 1935, men trafikken skal ha vore minimal etter 1923.

Gåsakilen er staden der den vesle brua i kurva ligg, nokre titals meter vest for cachen. Gåsakilen var opphavleg ein smal kil mellom Vindalsvatnet og Gåssandvatnet. Seinare utfyllingar, i hovudsak for E39, har gjort at det i dag er lite som minner om den kilen som ein gong var her. Fotoet under syner korleis Osbane-fyllinga låg midt ute i vatnet, ikkje slik som i dag.


Over: Lokomotiv med grusvogner på fyllinga i Gåsakilen under anlegget av Osbanen vinteren 1894. I bakgrunnen ser me nyopplagt natursteinsmur for bygdevegen. Foto: N. N. Sontum, Osbanens Venner fotosamling.

Osbanen vart lagt på ei 160 meter lang kurve med radius 60 meter på fyllinga i Gåsakilen. Frå anleggstida har det vorte fortalt at det var problematisk å leggja banen her, då det ikkje vart funne fast grunn. Det vart fortalt at Gåsakilen var ein av dei stadene der det måtte leggjast ned store mengder furutømmer, som fungerte som flåtar som fyllinga vart lagt på. Bergens Tidende skreiv 2. juli 1894, dagen etter Osbanen var opna: ”En slig Kurve som den, der strax søndenfor Bergestøen er lagt i Fylding ude i Vandet, er vist noget enestaaende ikke bare i norsk Jernbanebygning.”


Over: Kart over Osbanen og bruene i området Bergstø-Gåsakilen, Storestraumen. Kart: Per Ivar Tautra.


Over: Den vesle brua over Gåsakilen fotografert i 1993, før tre byrja gro opp langs traseen.


Osbanen

Nesttun-Osbanen var ein smalspora jernbane bygt for hovudsakeleg privat kapital og driven som eit aksjeselskap der private interesser hadde majoriteten. Osbanen var den einaste norske jernbanen for eit offentleg føremål som var bygt etter privat initiativ. Banen var bygt på rimelegaste måten, med smalt spor, smal trase, lett overbygging, spinkle skjener, mange og krappe kurver og små og lette lokomotiv og vogner.

Banen var prosjektert og bygt for 600 mm sporvidde, men i anleggsperioden endra til 750 mm sporvidde utan endringar i underbygging eller profil. Ingen annan norsk jernbane har vore bygt for så smalt spor. Difor vart Osbanen den minste offentlege jernbanen i Noreg.

Osbanen hadde minste akseltrykk (3,2 tonn) for ein norsk jernbane, minste kurveradius (50 meter), og dei spinklaste skjenene (9 kg/m). Banen vert hugsa for dei mange og krappe kurvene. Største tilletne toppfart var 25 km/t.

Osbanen starta på Nesttun stasjon på Vossebanen. Dei andre stasjonane og stoppestadene var Skjold, Rådal, Stend, Solbakken (frå 1927), Fana, Hamre, Kismul (frå 1895), Kalandseid, Søfteland, Ulven, Kuven, og så Osøyro, som var banen sin hovudstasjon, med kontor, vognhall, lokomotivstall og verkstad.

Banen fekk i 1893 levert to lokomotiv av typen Mallet, ”Bjørnen” og ”Ulven”, pluss eit mindre, 9-tonns lokomotiv som dei kalla ”Rotten”. I 1895 fekk banen ytterlegare eitt Mallet-lokomotiv, heitande ”Os”. Mallet-lokomotiv var ledda lokomotiv med to rammer, spesialkonstruerte for små og lette jernbanar med krappe kurver. Osbanen var den einaste banen i Noreg som nytta slike lokomotiv. Eit nytt og mykje større lokomotiv, ”Baldwin”, vart levert frå Philadelphia i 1917, men var for tungt og stivt for banen, og vart difor nytta så lite som mogeleg. Elles hadde banen femten personvogner og like mange godsvogner.

Trass i at Osbanen var eit vesleputt-tog og eit ynda objekt for samtida sine vitsemakarar, gjorde banen stor nytte for seg i dei 41 åra han eksisterte. Meir enn 4,4 millionar passasjerar reiste med Osbanen. I tillegg frakta han 41.065 tonn ilgods, 122.797 tonn fraktgods og ca. 10.000 husdyr. I toppåret 1917/18 hadde banen 222.000 reisande. Osbanen var både den norske privatbanen og sidebanen med størst passasjertal. Historikarar har tillagt Osbanen mykje av æra for framveksten av strandstaden Osøyro (Osøren) som eit større sentrum ved Bjørnefjorden.


Fottur eller sykkeltur på Osbanetraseen

Du er hermed invitert til å utforska traseen etter denne unike strekninga i norsk jernbanehistorie. Den beste måten å følgja Osbanen på er med sykkel eller til fots. Difor er det lagt opp til eit større tal geocachar langs banen. På denne måten skal ein sykkel- eller fottur kunna verta spennande for heile familien. Turen kan sjølvsagt delast opp i fleire etappar. I dag kan du gå eller sykla samanhengjande på Osbanen frå Nesttun til Kalandseid. Sørover frå Kalandseid til Røykenes ligg banen brakk, meir eller mindre som ein dårleg vedlikehalden gardsveg, og to stader er det oppført bygningar i traseen. Frå kommunegrensa og eit stykkje sørover kan du igjen følgja traseen, nesten til Søfteland. Forbi Søfteland er traseen delvis borte, delvis lokalveg. Mellom Bergstø og Hetlefloten ligg banen som ein fin, grusa turveg. Så har E39 slukt banen mellom Hetleflotsvingen og Ulven stasjon. Den siste strekninga frå Ulven til Os ligg det gang- og sykkelveg på banetraseen.

Fleire opplysningar om sykkelturen langs Osbanen finst her:

www.osbanen.no/obv - Osbanens Venner og Stend stasjon
www.osbanen.no/nob - Nesttun-Osbanen AS, eigar av Rådal stasjon
home.sklbb.no/melheim/osbanno.htm - Terje Melheim sine sider om sykkeltur på Osbanen



Det vesle toget til Os. Teikning: Sverre Mo.

Innhald: Loggbok, blyant og noko småtteri.


Additional Hints (Decrypt)

AB: V ubyr haqre syng fgrva fbz fgvxx bcc seå onxxra. RA: Va n fznyy pnir haqre n syng fgbar ba gur tebhaq.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)