Prinsessa hadde gått eit stykke då ho høyrde ein rar lyd, ei slags hvesing. Ho lurte fælt på kva dette kunne vera.
Prinsessa var ikkje vant med anna enn det ho hadde møtt i slottet, så ho tenkte ikkje at det kunne vera farleg. Ho gjekk etter lyden og kikka rundt seg då ho plutselig høyrte ei stemme som sa:
”Ssss…kven er du, ssssom tør å trampe rundt i ssskogen på denne måten?”
Prinsessa kikka grundig rundt seg, og der bak ei rot såg ho ein liten grøn, eit eller anna. Var det ein mark? Ho hadde funne mange marker i hagen heime på slottet då ho var mindre. Men denne likna ikkje heilt på dei ho hadde funnet før.
”Eg er prinsessa som ville ut på geocaching” sa prinsessa blidt, ”kven er du som lagar så underleg lyd?”
Slangen bukta på seg, kom litt nærmare ”Eg er sssssneaky ssssnake, du burde passsse deg for ssssånne ssssom meg” san han før han plutselig kasta seg mot prinsessa.
Det var ikkje tid for prinsessa å reagere, men rundt halsen hadde ho ein pendel, og den fekk slangen fast i halsen. På den måten kom prinsessa seg unna den skumle slangen.
Trå forsiktig når du leitar etter denne, forhåpentligvis har sneaky snake framleis pendelen fast i halsen.