Etter at prinsessa hadde snakka med frosken som ikkje ville bli prins, hadde ho mykje å gruble på. Ho fortsatte bortover stien medan ho tenkte på det frosken sa om å trives som frosk og ikkje ville bli prins. ”Kan eg og vera kva eg vil?” tenkte prinsessa. Kva ville prinsessa helst vera om ho kunne velje heilt sjølv. Ho hadde jo vandra av garde fordi ho var litt lei av å vera prinsesse. Korleis kan ho bli noko anna undra ho.
Medan ho gjekk vidare innover skogen, i djupe tankar, svinga ho til venstre og vandra vekk frå stien. Det var verken planlagt eller gjennomtenkt, ho hadde jo andre ting å gruble på. Plutselig la prinsessa merke til at bakken var meir ujamn og såg at det ikkje var sti under føtene hennes lenger. Ho kjende bekymringa vakne til liv medan ho såg seg rundt for å sjå kvar ho var no. Plutselig såg ho noko rart! Eit tre som ikkje var heilt som dei andre trea. Kva i alle dagar hadde hendt her, kvifor var treet annleis enn dei andre?
Kanskje du finn det og, om du er å vandrar i desse trakter!
Prinsessa gjekk nærmare for å sjå på dette anleis-treet. Medan ho sto og kikka såg ho noko kvitt litt lenger inn i skogen, det såg ut som…
ei rumpe!
Eller meir ein hale eigentleg. Ho ropte hei, og rumpa skvatt veldig, så dukka det opp eit lite søtt hovud i staden. Det var ein litt uvanlig hare som sa han heitte Påskeharen. Prinsessa hadde høyrt om påskeharen og tenkte det kanskje var han som eigde anleis-treet. Påskeharen fortalte at det er hans tre og han fortalte mykje spanande han hadde opplevd denne vinteren:
Påskeharen hadde så mange barn, så for å få endene til å møtes var han på jakt etter ein deltidsjobb. Påskeharen arbeider jo berre eit par veker i året, og ville gjerne jobbe litt meir. Så i haust hadde han begynt å vidareutdanne seg for å søkje jobb i nissen sin verkstad. På skulen lærte han alt om jula, for eksempel korleis ein pyntar juletre. Påskeharne var lærevillig og bestemte seg for å prøve ut det nye han hadde lært. Men juletre rundt påsketider går jo ikkje AN! Derfor var treet blitt som det var blitt, haren kalla det påsketre, men han ante ikkje kva han skulle ha i toppen! Juletre kan jo ha stjerne eller engel eller spyd. Haren ville ha noko eige, til sitt eige, men klarte ikkje komme på noko lurt.
Prinsessa tenkte litt på det å trives med den ein er, å vera seg sjølv, vidareutvikle seg og påsketre. Plutselig fekk ho ein ide!
Ho spurte påskeharen om han likte den ideen og det gjorde han. Dermed gjekk det til, at prinsessa tok farvel med diademet ho alltid hadde på hovudet. Det tok seg minst like godt ut i skogen som på hovudet tenkte ho, før ho tok farvel og vandra lykkelig vidare.