Turløypa i Totlandskogen består av i alt fire delløyper. Desse fører deg langs fjord og svaberg inn til to innelukka pollar, Trøytarosen og Tjørnanespollen. Ynskjer du å nyta den finaste utsikta i løypa kan du gå opp til Varhaug som er løypa sitt høgaste punkt.
Du kan følgje barneløypa "Det var ein gong" som byrjar ved parkeringa, går inn til Barmen og litt lenger ut. Dersom du følgjer stien vidare eit stykke, vil du komme til Varhaug. Her får du fin utsikt utover øyane. Herfrå kan du velje å gå tilbake same veg, eller følgje stien vidare. Då kjem du til Midgardsvika før stien svingar tilbake mot Totland igjen. Då er det mogleg å gå ein rundttur tilbake til parkeringskoordinatane, eller ein kan velje å svinge av og gå mot Totland og Notlandsvåg.
Når me gjekk to voksne, strake vegen til Varhaug, brukte med omtrent ein halv time frå parkering til me var på toppen.