Skip to content

Kongevegen - Skeisvollhameren Traditional Cache

Hidden : 6/4/2017
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Skeisvollhameren


Cachen er ikkje plassert på vegen eller vegkonstruksjonen.
Eng: The Cache is not placed on the road or the roadconstruction.



SKEIDSVOLLEN – KULTSTAD OG KAMPARENA? - På Skeidsvollen under garden Berge vart det avdekt restar etter hus og åkerbruk då dei bygde ny veg på 1990-talet. Vollen ligg fin og flat og grensar mot elva. Her var klare spor etter huskonstruksjonar i form av jordsette stolpar, eldstader og merke etter vegger. Dateringa frå eldstadene synte at Skeidsvollen var i bruk alt i førromersk jarnalder; 405–375 f. Kr. Ei anna overrasking som dukka opp, var ein fallosliknande stein som kan ha vore eit symbol på grøderikdom. Har Skeidsvollen, som ligg midt i hovudferdselsåra og handelsvegen mellom aust og vest, vore ein offer- eller kultstad for vokster og velstand?

Namnet Skeidsvoll kjem av gamalnorsk «skeid», som tyder løp eller kappriding. Det harmonerer med forteljingar frå eldre tid om kappkøyring med hest på isen mellom Skeidsvollen og Voldo. Kongevegen går over berghammaren og var eit litt vanskeleg parti.

Då den Bergenske Kongeveg vart bygd på slutten av 1700-talet, fekk ein for fyrste gong køyreveg mellom Aust- og Vestlandet. I dag er den gamle Kongevegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna vi har. Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå tronge og dramatiske fjordlandskap inst i Sognefjorden, via høgfjellet på Filefjell, og ned i innlandsbygdene i Valdres. Ei reise mellom landsdelane - med den historiske Kongevegen som den raude tråden undervegs. Der vegen er borte nyttar ein andre trasear, slik at det blir ein samanhengande turveg frå Lærdalsøyri til Vang. Syklistar har alternative ruter utanom dei mest sårbare delane av Kongevegen.

SKEIDSVOLLEN – PAGANISM AND CONTESTS? - At Skeidsvollen, a field belonging to Berge farm, some remains of buildings and farming activity were discovered when the new road was built in the 1990s. It is a beautiful, flat meadow bordering the river, and the finds included poles driven into the ground, hearths, and evidence of walls. Dating of the hearths indicates that Skeidsvollen was in use as early as in pre-Roman Iron Age; 405–375 BC. Another surprising find was a phallus-like stone that may have been a symbol of fertile ground. Has Skeidsvollen, through which the main road and trade route between east and west runs, been a place of offerings or pagan rituals for growth and wealth?

The name Skeidsvoll derives from the Old Norse “skeid”, meaning race or horse race. This harmonises with old stories about horse racing on the ice between Skeidsvollen and Voldo. Kongevegen runs across the crag, and was considered a slightly challenging section.

Bergenske Kongeveg, built at the end of the 1700s, was the first proper road between eastern and western Norway. Today, the old Kongevegen is one of our most beautiful cultural heritage routes. The 100 km Kongevegen across Filefjell walk leads through some of Norway's most spectacular scenery. From the narrow, dramatic fjord landscape innermost in the Sognefjord, via the high mountains at Filefjell, and down to the inland villages in Valdres. A journey from one part of the country to another – linked together by the historic Kongevegen.
Kilde/Source: Statens vegvesen


Geocaching i Norge

Additional Hints (Decrypt)

Cå oretulyyr, onx fgrva

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)