Ved de oppgitte koordinatene finner du ingen cacheboks.
Du skal nå være i næheten av den gamle kraftstasjonen i Spjelkavika.
Oppgaven her blir å løse noen oppgaver.
Cacheboksen er ved koordinatene n62 27.abc e6 21.ade
A=antall lemmer på langsiden av kraftstasjonen
B=antall lemmer på langsiden av kraftstasjonen ganget med antall store vindu på den ene enden.
C=Antall store ventiler på den andre enden ganget med seg selv
D=Antall vindu på den ene enden plus antall ventiler.
E=antall lemmer på langsiden plus antall ventiler.
Litt info om stedet.
Kanalen ved Spjelkavik sentrum.
Ved osen går elva saman med ein kanal.
Kanalen stod ferdig i 1924 for å forsyne eit lokalt kraftverk med vatn ned gjennom ei rørgate nær ved utlaupet til Gamleelva. Delar av elva blei demma opp for at det skulle bli vatn med fall og fart nok i ei kort rørgate ned til kraftstasjonen kloss ved elveosen. For å få til slikt, blei det bygt ein steinsett, flatbotna kanal med demning ved Spjelkavik sentrum. Dermed blei også vassføringa i den litt strie Gamleelva regulert på ei vis. Bygginga tok til i 1917 og stod ferdig i 1924. Svenske rallarar gjorde arbeidet.
Til gagn for folk og ikkje fisk .
Spilkevigs Snøre- Not- & Garnfabrik låg ved og over Gamleelva og hadde mykje å seie for bygda i mange tiår. Hans Pedersen Mittet (f. 1861) frå Veøy i Romsdal starta fabrikken i lag med kompanjongar. Då blei det fabrikk i Spjelkavik for snøre, liner, garn og not, og med snurpenøter og torskeliner som spesialitet, og fiskereiskapar for alle fiskeri (sjå Fiskets Gang nr 2, 1937). Etter kvart blei fabrikken stor med mange tilbygg. I bygda fekk grunnleggaren bauta med portrett av seg. Bautaen blei avduka i 1945 etter å ha stått der sidan 1941. Men sommaren 1945 – då okkupasjonen av Noreg var til ende – blei det markering med hornmusikk, song og talar.
Framsteg med kimar til nedgang i seg.
I 2011 var kraftstasjonen ved osen av Gamleelva lagt ned, og kanalbotnen låg dekt av sprengstein, plastrøyr, syklar, handlevogner, presenningar og boss av forskjellig slag]. I artikkelen blei Gamleelva og kanalen kalla ei skrotfylling gjennom sentrum. Det blir kanskje ikkje prima forhold for blankfisk (laks og aure) av slikt. Stoda er elles at kanalen er teknisk kulturminne og regulert som vassdrag – Om lag slik låg det til om sommaren 2011. At tidene forandrar seg ved sal og anna, fram til boss, rot, rusk og rask gjennom sentrum av ei bygd, er utslag av låk framgang og låk kultur. Det er ganske vanlege skuggesider ved naiv og gal urbanisering som er skissert her. No er store delar av Oksenøya oversvømt av folk. Dermed skrumpar behageleg livsrom for mange også. Mykje som var bra og vakkert, er gått dukken på grunn av korttenkt hang til vinning same kva, kanskje med fasadar som dårar og blendar, og kanskje ikkje. Ikkje alt som blir kalla utvikling er av det gode.;
