Skip to content

Kongevegen - Voldo Traditional Cache

Hidden : 6/30/2017
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Voldo

Cachen er ikkje plassert på vegen eller vegkonstruksjonen.
Eng: The Cache is not placed on the road or the roadconstruction.

Mellom Voldum og Steinklepp ligg Kongevegen under den gamle «riksveg 60», som i hovudsak gjekk frå tun til tun, slik også den gamle allfarvegen i uminnelege tider hadde gått. Over innmarka er vegen omkransa av steingardar på begge sider. Det var rikeleg med stein å ta av. Garden her, Voldo (Voldum), har alltid lege utsett til for ras og flaum. Ei nesten årviss snøskrede kryssar vegen her, og fleire jordskreder har kome nedover dei bratte berga gjennom tidene. Den største naturkatastrofen hende likevel i året 1696. Halvbror til danskekongen og nevøen til statthaldar Ulrik Fredrik Gyldenløve, overkammerherre og general Christian Gyldenløve, var på inspeksjonsreise gjennom Lærdal den 24. juni det året. Han skriv om fleire «marquable Fjeldskreder» nedover dalen, mellom anna her på «Vold». Elva vart demd opp i 24 timar, og alle «ovenforliggende Agre, Eng og Huse oversvømmet og under Vand sat … hvor som helst tilforn godt kornland og Engested havde været, nu som stor Sø sig presenterede». Husa på Voldo vart sette under vatn, og tunet vart sidan flytt nærare fjellfoten.

Då den Bergenske Kongeveg vart bygd på slutten av 1700-talet, fekk ein for fyrste gong køyreveg mellom Aust- og Vestlandet. I dag er den gamle Kongevegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna vi har. Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå tronge og dramatiske fjordlandskap inst i Sognefjorden, via høgfjellet på Filefjell, og ned i innlandsbygdene i Valdres. Ei reise mellom landsdelane - med den historiske Kongevegen som den raude tråden undervegs. Der vegen er borte nyttar ein andre trasear, slik at det blir ein samanhengande turveg frå Lærdalsøyri til Vang. Syklistar har alternative ruter utanom dei mest sårbare delane av Kongevegen.

The Kongevegen stretch between Voldum and Steinklepp is underneath the old route 60, and mainly ran from farm to farm – exactly as the old pack-horse track had done from as far back as anyone can remember. With stone walls on both sides of the route, there was plenty of building material available. This farm, Voldo (Voldum), has always been exposed to avalanches, landslides, and floods. An avalanche across the road is almost an annual occurrence, and over the years there have been several landslides down the steep mountain sides. The worst natural disaster, however, struck in 1696. On the 24th of June that same year, Christian Gyldenløve, a Senior Chamberlain and General and also half-brother of the Danish King and nephew of Governor Ulrik Fredrik Gyldenløve, was travelling through Lærdal on inspection. He reported several “significant landslides”, both down through the valley and here at Vold. The river was like a dam for 24 hours, and all “the above fields, meadows and houses were flooded and stood under water … what before had been good arable land and fields, now presented itself as an ocean”. All buildings at Voldo stood under water, and the farm was later moved closer to the foot of the mountain.

Bergenske Kongeveg, built at the end of the 1700s, was the first proper road between eastern and western Norway. Today, the old Kongevegen is one of our most beautiful cultural heritage routes. The 100 km Kongevegen across Filefjell walk leads through some of Norway's most spectacular scenery. From the narrow, dramatic fjord landscape innermost in the Sognefjord, via the high mountains at Filefjell, and down to the inland villages in Valdres. A journey from one part of the country to another – linked together by the historic Kongevegen.
Kilde/Source: Statens vegvesen


Geocaching i Norge

Additional Hints (No hints available.)