Skip to content

Kongevegen - Voldum Traditional Geocache

Hidden : 6/30/2017
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Voldum

Cachen er ikkje plassert på vegen eller vegkonstruksjonen.
Eng: The Cache is not placed on the road or the roadconstruction.

Terrenget her inne langs elva med det spesielle namnet Borgundsfjorden har vorte mykje endra opp gjennom åra. Tidlegare gjekk elvebreidda lengre inn mot fjellfoten, og strekninga var ikkje berre utsett for ras frå den bratte fjellsida, men også fare for flaum i elva i flaumtidene. Difor var det viktig å legge vegen godt nok opp frå dei blaute partia. Under arbeidet med Kongevegen i juni 1792 rapporterte kaptein Jürgensen til generalvegmeister Hammer i Bergen at flaumen hindra dei i arbeidet. Han var så kraftig at store delar av den nybygde vegen låg under vatn. Sjølv måtte Jürgensen symje med hesten då han skulle forbi! Kongevegen gjekk gjennom tunet på garden Voldum, og nokre hundre meter lengre nord, om lag der campingplassen ligg i dag, stod det ein milestein ved Kongevegen. Slike milesteinar vart sett opp for kvar heile, og seinare også for kvar halve mil. Dei viste avstanden til Bergen, som her ved Voldum var 19 mil (1 mil kring 1800 = 11, 27 km i dag). Voldum er ein perfekt startstad for vandreturar til nokre av dei mest spektakulære partia av Kongevegen – vegen gjennom Vindhellaskaret og Galdane. Som bonus får ein med seg vakre Borgund stavkyrkje frå slutten av 1100-talet.

Då den Bergenske Kongeveg vart bygd på slutten av 1700-talet, fekk ein for fyrste gong køyreveg mellom Aust- og Vestlandet. I dag er den gamle Kongevegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna vi har. Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå tronge og dramatiske fjordlandskap inst i Sognefjorden, via høgfjellet på Filefjell, og ned i innlandsbygdene i Valdres. Ei reise mellom landsdelane - med den historiske Kongevegen som den raude tråden undervegs. Der vegen er borte nyttar ein andre trasear, slik at det blir ein samanhengande turveg frå Lærdalsøyri til Vang. Syklistar har alternative ruter utanom dei mest sårbare delane av Kongevegen.

The terrain along the river, with the distinctive name Borgundsfjorden, has changed dramatically over the years. In earlier times, the riverbank was closer to the foot of the mountain, and the stretch was exposed to avalanches and landslides as well as flooding. It was thus important to build the road high enough up. During the work on Kongevegen in June 1792, Lieutenant Jürgensen reported to Christopher Hammer, the Director-General of Roads in Bergen, that the flood was holding up the work. It was so bad that long stretches of the new road stood under water. Jürgensen himself had had to swim with his horse in order to get past! Kongevegen ran through the yard of Voldum farm, and a few hundred metres further north, approx. where the campsite is located today, there was a milestone by the road. Such milestones were erected for every full, and later every half, old “mil”. These indicated the distance to Bergen, which here by Voldum was 19 mil (1 mil in 1800 = 11.27 km). Voldum is the perfect starting point for hikes along some of the most spectacular sections of Kongevegen – the road through Vindhellaskaret and Galdane. As a bonus, you will also get to see the beautiful Borgund Stave Church from the late 1100s.

Bergenske Kongeveg, built at the end of the 1700s, was the first proper road between eastern and western Norway. Today, the old Kongevegen is one of our most beautiful cultural heritage routes. The 100 km Kongevegen across Filefjell walk leads through some of Norway's most spectacular scenery. From the narrow, dramatic fjord landscape innermost in the Sognefjord, via the high mountains at Filefjell, and down to the inland villages in Valdres. A journey from one part of the country to another – linked together by the historic Kongevegen.
Kilde/Source: Statens vegvesen


Geocaching i Norge

Additional Hints (No hints available.)