Områder er ein del av Oksøy-Ryvingen Landskapsvernområde, og eg oppfordrar alle geocachere til å følga opp verneforskrifta sine ord om at "All ferdsel skal skje varsomt og ta hensyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminner."
Fortet er også eit passande bakteppe for 5 cacher med kryptografi, særleg kryptoanalyse, som tema, cacher som jobber seg fram mot den tyske Enigma-maskinen frå 2. verdenskrig. Ved andre fort ligge det ytterlegare 5 cacher rundt temaet moderne kryptografi.
Finn meir informasjon om Belteviga fort på digitalt musem.
-
CC BY-SA 4.0 Kart over fortsområdet.
Om cachene
I fortsområdet i Belteviga er det lagt ut 5 Lock-and-Lock-bokser. Alle cachene er Mystery-cacher, dvs. at boksane ikkje ligg på dei oppgjevne koordinatane. I stadenfor har me klart å snappa opp krypterte meldingar som fortel kvar boksane ligg. For dei fire første boksane må me basera oss på våre nylærte(?) kunnskapar om kryptoanalyse for å lesa meldingane. Når me har funnet dei fire første boksane har me og nøkkelen til å lesa den siste meldinga. (Ein del av nøkkelen står under lokket på kvar boks.)
Den siste meldinga er ein Enigma-melding, men sidan dei færraste har ein Enigma-maskin på lur, baserer me oss på ein simulator.
Kvar melding inneheld posisjon og ein kort beskrivelse av gøymestaden. I tillegg er det forklart kva del av nøkkelen som er under lokket på denne cachen, og muligens eit hint for å løysa neste oppgåve. Oppgåvene er laga for å verta løyst i nummerrekkefølge og eg forutsett at folk dechiffrerer heile meldinger. Det byrjar nokså enkelt, og vert vansklegare etter kvart. Alle oppgåvene er meint å illustrera reelle problemstillingar frå kryptografiens historie, sjølv dei ikkje nødvendigvis har oppstått i den form og samanheng me ser dei her,
Dei fleste referansane i tekstane er linker til Wikipedia, og då som regel til Wikipedia på engelsk, sidan artiklane der er meir utfyllande.
Alle cachane ligg i området på kartskissen over, så viss du har løyst alle oppgåvene går det fint å finna cachane på eit par timer. (Men det krev jo at du har med deg Enigma-maskinen ut på tur.)
Viss du står heilt fast på nokon av oppgåvene, så er det lov å kontakta CO for hint. Men eg føler vel at det er mest rettferdig å ikkje dela ut hint før det er logga FTF på alle cachene.
I kvar cache er det ved utlegg log, blyant, ein bytteting og ein FTF-premie (Ein fallskjermjegar frå Alfa Centauri.)
Kryptografi
I Kama Sutra er kryptografi, Mlecchita vikalpa, nemnt som ein av 64 kunster ei ung kvinne bør læra seg. Sidan då har kryptering og kryptoanalyse spelt ein stor rolle for private, forretningsmessige, politiske og militære føremål. (Nevnte eg militære?)
Det er derfor berre rett og rimleg at eg har laga 10 cacher for å hjelpa geocachere (unge kvinner og andre) å studera emnet. Fokus starter på historiske chiffer, før ein ser på at datalderen har ført til store endringar også i kryptografien.
Chiffer og nøkkel
Eit chiffer er ein metode for å koda meldingar slik at fienden (me konsentrerer os om militære anvendelser her) ikkje kan lesa dei, sjølv om han får tak i den. Ein må gå ut frå at motparten kjenner metoden. I tillegg til metoden treng ein også ein nøkkel, som er ein informasjon ein treng for å koda og dekoda meldinga. Den nøkkelen må ein sikra att berre avsendar og dei som har lov til å lesa meldinga kjenner.
Vår første døme på chiffer er Cæsar-chifferet.
Chifferet er oppkalla etter Julius Cæsar som skal ha brukt det. Han bytta ut kvar bokstav med bokstaven tre plassar lenger ut i alfabetet. Viss det var før etter X så hoppa han til starten av alfabetet.

Dechiffrering var motsett: bytt ut kvar bokstav med bokstaven 3 plasser før, og hopp til slutten av alfabetet når det trengs.

Då vert krypteringa slik:
dette er ein tekst paa nynorsk ->
GHWWH HU HLQ WHNVW SDD QBQRUVN
Her er chifferet: "Bytt ut kvar bokstav med bokstaven n plasser lengre ut i alfabetet, hopp til starten ved behov" og nøkkelen er verdien av n. Cæsar brukte altså nøkkelen n=3.
(Her er det innført nokre konvensjonar: Klartekst er skreve med små bokstaver, CHIFFER-TEKST ER SKREVE MED STORE BOKSTAVER. Og i meldingane bruker men ikkje æ,ø,å men ae, oe, aa. )
Merk att:
Viss me bruker n=13 som nøkkel får me vårt alles kjære ROT13.
Nøkkelen n=25 er det samme som n=-1.
Nøkkelen n=0 er eit kjedelig spesialtilfelle.
Sjølv om chifferteksten ser nokså kryptisk ut, er dette ikkje ein særleg sterk kryptering. Cæsar-chifferet er i nyare tid brukt som innføring i kryptografi, som eit del-element i meir avanserte chiffer og for å skjula tekst inntil folk ønsker å lesa den.
Så til oppgåva: Kan din indre kryptoanalytikar lesa meldinga:
XWAQARWV VWZL NMUBQIIBBM OZILMZ BZM SWUUI IIBBM IIBBM ARC UQVCBBMZ
ICAB ARC OZILMZ NMUBQIIBBM SWUUI AMSA VQ VQ UQVCBBMZ JWSAMV TQOOMZ
CVLMZ ABMQVMZ DML NWBMV ID MQ NCZC MQB NWZB MZ UMQZ MVV SIVWVMZ
PMZ TIIO ARCSMJZISSI UMV WU LMV ORMVVUCZBM JCVSMZMV AWU TQOO PMZ MZ
MQV LMT ID AIVQBMBABRMVMABMV DMQB MO QSSRM PQVB MQV VMBBABILMV UML
MVQOUIAQUCITBWZMV PIZ UIVOM IVLZM VGBBQOM DMZSBWMG PQVB BW VIIZ LC
TWMGAMZ KIKPM BW PCAS IB UMTLQVOI LMZ QSSRM ABIIZ ITMQVM LMQ BZM
JWSABIDMVM CVLMZ TWSSMB CBORMZ OZCVLABMTTCVO
Kryptograficachane på Flekkerøya
Første serie, klassisk kryptografi
Belteviga fort #1 Cæsar-chiffer
Belteviga fort #2 Enkelt substitusjonchiffer
Belteviga fort #3 Vigenèrechiffer
Belteviga fort #4 Vigenèrechiffer 2
Belteviga fort #5 Enigma (Bonus)
Andre serie, moderne kryptografi, nøkkelutveksling
Krossodden fort #6 Modulær aritmetikk
Krossodden fort #7 Diffie–Hellman utveksling
Krossodden fort #8 RSA
Tredje serie, moderne kryptografi, Symmetriske chiffer
Laksevika fort #9 XOR
Laksevika fort #10 AES
1.april spesial, på fastlandet.
Batterie Vara #11 Desinformasjon