Tyinkrysset aust
DET FRANSKE PRINSIPP
Kongevegen over Filefjell er bygd etter dåtida sin ideologi for vegbygging – «det franske prinsipp» – med mest mogleg rett lineføring. Dei rette linene ser ein blant anna tydeleg gjennom Tyinkrysset.
I åra etter 1764 vart det gjennomført nye reformer for vegbygging i Danmark. Dei fekk også mykje å seie for vegbygginga på Filefjell. Vegane vart bygde ut frå meir vitskaplege teknikkar med oppmålingar og nivelleringar. Transport med hest og vogn stilte krav om slette, jamne og tørre vegar. Difor vart vegen oppbygd med fast grusdekke og god drenering. Det vart laga djupe sidegrøfter og tversgåande steinkister som leidde vatnet bort.
Medan dei gamle allfarvegane følgde tørre knausar og gjekk rundt haugar og store steinar, vart slike hindringar nå rydda bort med krut. God drenering og solide fundament gjorde at heller ikkje myrene vart noko problem. Likevel var skepsisen stor blant bøndene som fekk pliktarbeid med å byggje vegen; det kunne da umogleg gå bra å leggje vegen tvers gjennom dei ustabile myrene? Men at vegen framleis ligg der – tørr gjennom myra, som her i Tyinkrysset - syner at vegbyggjarane visste kva dei dreiv på med.
Prinsippet om dei rette veglinene vart gjennomført utan særleg omsyn til terrenget. I dalsidene mot Filefjell førte dette fleire stader til svært bratte bakker. Stigninga kunne vere så kraftig at sjølve meininga med vegen – det å kunne køyre med hest og kjerre – vart vanskeleg utan å måtte laste av delar av lasset og heller gå to gonger i bakkane. Snart innsåg ein at vegen ikkje var funksjonell, og etter berre 50 år vart dei vanskelegaste partia lagt om.
Her i det flate partiet gjennom Tyinkrysset var vegen i bruk til kring 1900, før den vart lagt om dit E16 går i dag.
KONGEVEGEN OVER FILEFJELL
Då den Bergenske Kongeveg vart bygd på slutten av 1700-talet, fekk ein for fyrste gong køyreveg mellom Aust- og Vestlandet. I dag er den gamle Kongevegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna vi har. Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå tronge og dramatiske fjordlandskap inst i Sognefjorden, via høgfjellet på Filefjell, og ned i innlandsbygdene i Valdres. Ei reise mellom landsdelane - med den historiske Kongevegen som den raude tråden undervegs. Der vegen er borte nyttar ein andre trasear, slik at det blir ein samanhengande turveg frå Lærdalsøyri til Vang. Syklistar har alternative ruter utanom dei mest sårbare delane av Kongevegen.
Tyinkrysset east
THE FRENCH PRINCIPLE
Kongevegen across Filefjell was built based on "the French principle" – a then very popular approach using straight lines wherever possible. This is particularly evident through Tyinkrysset.
In the years after 1764, new road development reforms were introduced in Denmark. This had major impact on the Filefjell project. Roads were to be built based on more scientific techniques, involving surveying and levelling. Transport with horse and cart required an even, smooth and dry surface. The solution was a gravel roadway on top of sturdy foundation material, and a good drainage system. Stone channels running crosswise and deep side ditches led the water away.
The old tracks had followed dry ridges and avoided hills and large boulders, whereas now such obstacles were cleared by using explosives. With excellent drainage and a solid foundation, marshland was no longer a problem. Nevertheless, scepticism ran high among the farmers duty-bound to help with the construction; a road straight across the unpredictable bogs could not possibly be a good idea? But as the road is still intact - dry across the marshes as here in Tyinkrysset - the engineers clearly knew what they were doing.
The straight road principle was often followed without taking the terrain into consideration. This resulted in several very steep climbs up the Filefjell mountain. In places, it defeated the purpose of the road - to be able to use a horse and cart - as the ascent was difficult without unloading some of the goods and take two trips instead of one. Its shortcomings soon became evident, and the most difficult sections were changed after only 50 years.
This flat stretch through Tyinkrysset remained in use until around 1900 when the road was re-routed to where the E16 runs today.
KONGEVEGEN OVER FILEFJELL Bergenske Kongeveg, built at the end of the 1700s, was the first proper road between eastern and western Norway. Today, the old Kongevegen is one of our most beautiful cultural heritage routes. The 100 km Kongevegen across Filefjell walk leads through some of Norway's most spectacular scenery. From the narrow, dramatic fjord landscape innermost in the Sognefjord, via the high mountains at Filefjell, and down to the inland villages in Valdres. A journey from one part of the country to another – linked together by the historic Kongevegen. Kilde/Source: Statens vegvesen.

