Skip to content

1139 Moh Traditional Cache

A cache by smf Message this owner
Hidden : 8/24/2017
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Føremålet med Strynefjellet landskapsvernområde er å ta vare på eit naturlandskap med økologisk verdi og opplevingsverdi. Vidare er føremålet med landskapsvernområdet: ta vare på eit eigenarta naturlandskap som del av eit samanhengande høgfjellsområde. Ta vare på biologisk mangfald i området, med særleg vekt på leveområde og trekkområde for villreinstammen i Ottadalen villreinområde. Ta vare på kulturminne som bidreg til landskapet sin eigenart. Ta vare på vakker og særprega vassdragsnatur.

Nokre gonger er sjølve vegen målet. Slik er det med Gamle Strynefjellsvegen. Turistvegen frå Vestlandet til Austlandet er både målbindande vakker og freda. Vegen er i seg sjølv ein attraksjon og vitnemål om eit mesterstykkje innan ingeniørkunst frå ei svunnen tid. Det er eit historisk sus over vegen som vart bygd med handmakt på slutten av 1800-talet. Deler av vegen kjører du på gamal grusveg som gir ei kjensle av å reise tilbake i tid. Den gamle vegen byr på store landskapskontrastar; i aust er det runde former prega av istida, mens det i vest er stupbratte fjellsider. Tar du med deg ein kajakk på turen, kan du få padle i turkise fjellvatn. Det er ikkje utan grunn at den gamle turistvegen har imponert reisande i over 100 år. Da turismen tok til å bli ei viktig næring for fjordbygdene dei siste tiåra av 1800-talet, dukka dei første tankane om ein kjøreveg over Strynefjellet opp. I 1881 vart det derfor vedteke å byggje ein veg, og rallarar frå Sverige og lokale krefter gjekk i gang med det tunge anleggsarbeidet. Vegen stod klar i 1894, og den framstår fremleis ganske urørt. Her finn du gamle handlaga murar, og stabbesteinar som står i lange rekkjer langs vegen. Dette er autovern frå ei tid då hest og kjerre var vanlegare enn bil. Spor av gamle kløvstiar som vart brukt til ferdsel mellom aust og vest, går rett ved sida av vegen. På Gamle Strynefjellsvegen finn du også gamle steinheller som vegfarande brukte til overnatting. Punktet på gamle Strynefjellsvegen er markert ved at det under veganlegget på 1890-talet vart mura ein turrmur på innsida av vegen med ein stor stein oppå det høgda over havet er meisla inn. Dette er såleis eit kulturminne Gamle Strynefjellsvegen er verna av Riskantikvaren, samtidig ligg den i Strynefjellet landskapsvernområde. Vegen har og status som Nasjonal turistveg.

Additional Hints (Decrypt)

Onx fgrva

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)