"All right, let us call it a draw."
Soga om Sigurd Øysteinsson jarl sitt tragiske endelikt har noko Monte Python'sk over seg.
Bakgrunnen for soga er at manga flykta frå Noreg etter at Harald Hårfagre kom til makta. Ein del av dei slo seg ned som vikingar på øyer i vest, så som Hjaltland (dvs. Shetland) eller Orkenøyane, og derifrå plyndra dei Vestlandskysten.
Frå Soga om Harald Hårfagre
Kong Harald spurde at omkring på Vestlandet låg det vikingar og herja som var vestafor havet om vintrane. Då hadde han leidang ute kvar sommar og såg etter på øyar og utskjær. Men kvarhelst vikingane vart vàre hæren hans, så flydde dei alle i hop, og dei fleste ut til havs.
Men kongen var lei av dette, og så var det ein sommar at kong Harald siglde med hæren sin vest over havet; han kom først til Hjaltland og drap der alle vikingane som ikkje hadde seg unna. Sidan siglde han sør til Orkenøyane og reinska alt for vikingar.

(Så angrip han Sudrøyane, Skottland og Man før han er klar til å reisa heim.)
I desse slaga fall Ivar, son til Ragnvald Mørejarl. Men då kong Harald reiste austover gav han Ragnvald jarl i bot Orkenøyane og Hjaltland; men Ragnvald gav straks båe landa til Sigurd, bror sin, og han vart etter der vest. Då kongen siglde heim, gjorde han Sigurd til jarl.
Då kom Torstein Raude, son til Olav Kvite og Aud den grunnrike, og slo lag med han; dei herja på Skottland og tok Katanes og Sudrland alt til Ekkjals-bakke.
Sigurd jarl drap Melbrigde Tann, ein skotsk jarl, og batt hovudet til sal-reima si; men tjukkleggen hans kom mot tanna som stakk utor hovudet, og beinet trutna opp og det vart banen hans; han er hauglagd på Ekkjalsbakke. Då rådde Gudtorm, son hans for landet eit år og døydde barnlaus. Sidan sette det seg mange vikingar i landa, både danar og nordmenn.
Oppgåve: Etter at Ragnvald Mørejarl sitt forsøk på å settja inn bror sin som jarl på Orenøyene hadde døyd ut, sendte han son sin Hallad til Orkenøyene for å overta. Men vikingane vart nok for tøffe for Hallad jarl, for han gav opp og for tilbake til Noreg.
Dermed vart det ein annan son av Ragnvald Mørejarl som til slutt klarte å etablera eit varig norsk jarledømme på Orkenøyane. Kva er han kjent som?
Svar på forma
tilnavn-navn

Du kan sjekke din oppgave med certitude.
Dette er den tiande av ein serie cacher med pussige historier frå Snorres Kongesoger.