Batterie Vara
I flott turterreng på Møvig utenfor Kristiansand ligg eit kanonbatteri frå andre verdenskrig. Kanona på Møvig er verdas nest største kanon nokonsinne montert på land.
Sjølve kanonløpet er 19,75 m langt og veg 110 tonn. Batteriet på Møvig vart påbegynt 1941 og skulle sammen med kanonbatteriet i Hanstholm kontrollera skipstrafikken i Skagerrak. Kanonene hadde ei rekkevidde på heile 55 km.
Tekniske data
- Modell SKC/34
- kaliber 38 cm
- besetning pr kanon 52 (62) mann
- totalvekt 337 tonn
- rekkevidde (800 kg) 43 km med panser/sprenggranat
- rekkevidde (500 kg) 55 km med Siedfriedgranat
- skuddtakt 1 granat pr minutt.
Det var planlagt fire kanonener, men berre tre vart fullført. I dag står det berre ein kanon att.
Frå 1945 til 1952 var batteriet ein del av det norske kystartilleriet. Siste gong det vart skote med kanonen var i 1952 – så var dei store kanoners æra over.

Kanonen er i dag eit museum.
Aprilsnarr
Ein kjent å kjær skikk går ut på at 1. april er det lov å narra kvarandre. Ein særleg velykka form for aprilspøk er viss ein kan lura nokon til å gjera eit meningslaust arbeid eller ærend, som til dømes dra på polet for å kjøpa billig vin i lausvekt:
- Vinsalg i spann: Under overskriften «Vinmonopolet realiserer i dag store kvanta vin» kunne Aftenpostens morgenutgave 1. april 1950 melde at Vinmonopolets tapperi på Hasle hadde manko på tomflasker – en ikke urealistisk situasjon i tiden etter krigen. For å unngå å brenne inne med store mengder rødvin, meldte avisen at vinen ville bli solgt ut svært rimelig til kunder som selv medbrakte emballasje.[5] Folk ble anmodet om å medbringe spann, bøtter eller annen egnet bæreredskap, og da Vinmonopolet åpnet klokken 10 om morgenen var det lang kø utenfor enkelte utsalg. Folk som leste dette på trikken på vei til arbeidet var raske til å stikke innom en isenkramforretning, kjøpe med seg et spann eller en bøtte og stille seg i kø utenfor nærmeste utsalg. I aftenutgaven kunne avisen vise bilde av polkunder i kø utenfor utsalget i Rosenkrantz' gate.
Dagens tema:Desinformasjon
I tillegg til å halda informasjon skjult for fienden, til dømes med å kryptera kommunikasjonen, kunne ein også prøva å mata fienden med feilaktig informasjon. I anledning av 1. april eg utvida kryptografiserien med å sjå lynkjapt på enkelte døme på slik narrespel.
Det kunne vera relativt enkle ting, til døms prøvde dei allierte å halda skjult for tyskarane at dei var i stand til å lesa Enigma-meldingar. Derfor, viss ein med å lesa Enigma-meldingar hadde lokalisert ein tysk konvoi som ein ville senka, så kunne ein til dømes senda inn rekognoseringsfly i området før angrepet. Dermed ville tyskarane tru at det var det eit av flya som hadde oppdaga konvoien og dermed utløyst angrepet. Ved eit tilfelle, når ein ikkje hadde tid til å gjera dette, dikta ein i ettertid opp ein spion for å forklara at ein visste om konvoien.
I forkant av landgangen i Normandie gjorde ein mange og omfattande forsøk på å forvirra tysk etteretning med omsyn på kvar ein var tenkt å angripa. Operasjon Fortitude var ein del av dette, der ein oppretta store, fiktive styrkar, som tilsynelatande førebudde angrep mot andre mål enn Normandie. I Skottland låg tilsynelatande den britiske Fjerde Armè for å gå i land i Noreg.
Den mest kjent fiktive hærstyrken under Andre Verdenskrig var nok First United States Army Group, (FUSAG), som tilsynelatande låg ved Dover og planla å angripa Pas de Calais. Denne falske hæren skulle overbevisa tysk overkommando om å konsentrera forsvaret dit, og dermed vekk frå Normandie. Og når invasjonen kom i Normandie, skulle ein så lenge som råd få tyskarane til å tru at dette var ein avlednings-manøver, og at hovud-angrepet ville komma ved Calais. Dermed ville tyskarane halda store styrker der, i staden for å senda dei for å angripa invasjons-styrken i Normandie.
For å få tyskarane til å tru på denne spøkelseshæren gjorde ein ting som:
Laga falske spor etter stridsvogner og lastebiler som skulle syna att på flyfoto å gje inntrykk av øvelsesaktivitet.
Sette ut forskjellige typer falskt militærutstyr som skulle syna att på flyfoto, til dømes oppblåsbare stridsvogner og kanoner.

Hadde radio-operatørar som genererte falsk sambands-trafikk.
Fora tysk etterettning med falsk informasjon sendt inn via tyske spionar som britane hadde fanga og fått til å jobba for seg.
Takka vera desse og fleire andre tiltak så satt store tyske styrkar stille ved Calaise lenge etter at invasjonen var starta. Sjølv om posisjonen for angrepet var røpa såg tyskarane lenge etter angrepet ein annan stad.
Oppgåve
Kva gjer din indre etterretningsoffiser når folka dine har plukka opp meldinga nedanfor?
DPXMYK NPIZLHEICJ TRRKUAVZPJ ZEU RA WR BZDXA
DVDAZVRS RG YRAEVZ OM VKBAE WRZ DDVTK RLI WWC
ELKAV FDI LPL RR EFK UFZRBRVVJ SXUIY ERLUZNVR
QVCWE ZENTYMWV AYKKIV ZVQGEMRJJDE
Kryptograficachane på Flekkerøya
Første serie, klassisk kryptografi
Belteviga fort #1 Cæsar-chiffer
Belteviga fort #2 Enkelt substitusjonchiffer
Belteviga fort #3 Vigenèrechiffer
Belteviga fort #4 Vigenèrechiffer 2
Belteviga fort #5 Enigma (Bonus)
Andre serie, moderne kryptografi, nøkkelutveksling
Krossodden fort #6 Modulær aritmetikk
Krossodden fort #7 Diffie–Hellman utveksling
Krossodden fort #8 RSA
Tredje serie, moderne kryptografi, Symmetriske chiffer
Laksevika fort #9 XOR
Laksevika fort #10 AES
1.april spesial, på fastlandet.
Batterie Vara #11 Desinformasjon