Skip to content

Istidslandskap Valdres - Et naturens kunstverk Traditional Cache

Hidden : 7/18/2018
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Istidskunst ved Gravolen

Cachen fortel om spora etter istida i dette landskapet, blokker og skuringsstriper her vest for Gravolskampen i Øystre Slidre. Like ved sida av cachen er det ein stor stein som utmerker seg, som eit naturens kunstverk, blant dei mange store flytteblokkene. Sume er berre så vidt brotne fri frå fjellet, andre ligg strødde høgt og lågt utover i landskapet.

I motsetning til lenger borte frå fjellet, er geologien frå stein til stein meir homogen her, men det er også innslag av steinslag som ein må lenger inn i Jotunheimen for å finne.

Is har spelt ei viktig rolle i utforminga av landskapet gjennom fleire geologiske perioder. Når vi tenkjer på istid, gjeld det til vanleg den istida som dekka store delar av Eurasia og Amerika til for omlag 10.000 år sidan. Som andre istider geologane kjenner til, vara denne istida i omlag 100.000 år. Tidlegare istider har vara omlag like lenge. 

Ice age art at Gravolen
The block close to the cache is a special kind of ice age sculpture art, rock upon rocks made by nature. This one is the best of several in this area.

English summary: Ice age block landscape.
Here we are walking through a landscape formed by the melting ice in the last part of the last ice age. What we really are able to study here is how great blocks of rock were broken from the mountains, transported and finally left. Most of the blocks here are transported only a short distance since they consist of the kind of stone as the surrounding clifft. Some are transported from further into Jotunheimen. Such blocs are, however, found on the Norwegian lowland, in Denmark and Germany, as far as the ice covered the landscape.

In the 18th and 19th centuries geologist discussed.how these blocks, sometimes the seize og houses, were transported from the higher parts of Scandinavia. Water transport in a gigantic flood was the preferred theory, eventually on the top of ice. An example of such a flood is described in the Bible.

1823 the Norwegian professor Jens Esmark prooved that the blocs had been transported on huge glaciers during a period when norther Europe was covered of a huge ice sheet.

This happened both near the mountains and far away. The blocs might be left on hilltop and in valleys, Sometimes the blocs are left on top of smaller stones.

Istid
Den geologiske tidsbolken vi best kan studere istidene frå, har vore kalla «kvartær». Kvartærtida, eller berre kvartær, har vore ei nemning på dei siste om lag 2 millonar åra i tidsrekninga vår, rekna etter geologisk tidsskala. I 2004 avgjorde International Commission on Stratigraphy at inndelinga av jordas nytid i tertiær og kvartær skulle erstattast med inndelinga paleogen og neogen. 

Definisjonen på ei istid er at minst ein av polane er dekka av is heile året. Etter den definisjonen er vi framleis inne i ei istid for framleis er polane dekka av is, og der isen ligg på land slik som på Sørpolen og Grønland, er isdekket kilometertjukt. Isen frå siste istid har vore endå tjukkare.

Isbrear blir til ved at nedbøren fell som snø og at snøen ikkje smeltar heilt om sumaren, men akkumulerer seg. Tyngda av snødekket pressar underliggande snø saman til is. I frosen form er vatn litt lettare enn i væskeform, men likevel kan vi rekne at eit islag på 2 km djupne, veg omlag 2000 tonn for kvar kvadratmeter. Isen som legg seg i høgare strøk, vil av gravitasjonen bli pressa nedover i landskapet og utover mot havet. Dette skjer når tyngda av isen blir så stor at isen smeltar litt på undersida av den varmen som blir utvikla av det enorme presset. Når ein når eit balandepunkt mellom vekst og smelting, er avhengig av temperaturen og skiftande årstider. På Svalbard kan dette fenomenet studerast kontinuerleg. Ein bre kan ligge ganske roleg i mange år, men så ta til å røre på seg, sprekke opp og gli med stor fart mot havet. Ein talar då om at breen surfar. Når trykket minkar, stoppar rørsla opp att i lengere tid. Is som går ned til havet vil kalve der og sende isfjell utover. Der isen smeltar på land, kan vi sjå at han har ført med seg store mengder av stein, grus og finare massar. Dei vollane som dannar seg på denne måten, kallar vi morener. Det er typisk for morenene at massane ikkje er sorterte.

Det er smeltevatnet som renn vidare som sorterer avsetningane. Der straumen er strid, blir berre store steinar liggande att. Når straumen stilnar, blir det avsett stadig finare masse, dei finaste partiklane blir med langt ut i havet.

Når isen smeltar i sjøen, får avsetningane ein annan karakter. Berre nærast strandkanten bygger det seg opp morenevollar slik som Raet som er meir eller mindre synleg frå Rogaland til Russland.

Lenger frå iskanten kan massane lage store flatlandsområde avsett på havbotnen, men seinare heva over havnivået gjennom andre geologiske prosessar, først og fremst ved at landet vil stige når tyngda av breen blir borte.

Gjennom denne prosessen, frå fjell til fjøre, vil eit slikt tjukt islag som fløt seg og som smeltar, endre landskapet dramatisk. Høge fjell blir skura og brotne ned og land bygd opp utover mot havet og ut i havet.

Om vi held oss til Nord-Europa, har fjella i den Kaledonske fjellkjeda vorte skrapa ned frå høge spisse fjell til runde kollar og åsar. Sume fjell kan ha vore høge nok til å nå over isen, dei står att som spisse toppar, vi brukar det inuitiske ordet «nunatak» om dette fenomenet. Det er mest kjent frå kystnære høgfjell.

Her inne i landet, til dømes i Valdres og Jotunheimen har alle vore dekka av isen, men fordi det er tale om forskjellig geologi der alt berg ikkje er like hardt og sterkt mot slitasje, blir påverknaden av isen ulik. Granitt, gneis og gabro som finst i grunnfjellet, står sterkare mot slitasje enn sedimentære bergslag som sparagmitt og feltspatt.

Styrt av dette, har breen grave ut djupe u-dalar som til sist blir til fjordar når dalen kjem under havnivå. Dei norske fjordane er blitt til på denne måten. Typisk for slike fjordar er at dei er grunnare ytst ute både fordi isen ikkje lenger har vore like tung og fordi det kan vera avsett massar der. I mange av desse u-dalane har det også danna seg vatn inne i landet. Det er slike vatn som er med på å gjera landskapet her i Valdres særskilt vakkert.

Inst inne kan ein slik dal starte i ein «botn» der breen har blitt liggande lenger enn andre stader. Korleis slike botnar blir til, kan vi stadig observere i Jotunheimen. På nordsida av mange fjell her, ligg det framleis brear som lagar slike botnar. Ikkje sjeldan er det vatn eller tjern her, avgrensa av ein endemorene.

Massane som er slitne ned herifrå kan finnast att som avsetningar i låglandet og så langt sørover som isen kom, anten på land eller flytande på havet, der dei grunne havområda seinare har vorte til den Nord-Europeiske slettlandet vi kjenner mellom anna frå Danmark og Tyskland.

Flytteblokkene og oppdaginga av istida.
Geologi som vitskap er nær knytt til å finne mineral og metall folk har hatt bruk for, men i opplysingstida frå 1700-talet tok geologane for alvor til å interessere seg for dei prosessane som har skapt landskapet, Mange geologar merka seg dei store steinblokkene som fanst utover slettelandet i Danmark og særleg Tyskland. Med sin mineralogiske kunnskap, kunne dei slå fast at dei fleste av desse steinane eller blokkene, skreiv seg frå Skandinavia. Men korleis dei kunne finnast spreidde utover slettelandet så langt borte frå der dei kom ifrå, var eit mysterium.

Ein av dei som interesserte seg sterkt for dette fenomenet, var den tyske geologen Leopold von Buch (17), kjend frå litteraturen som ein stor noregsven etter dei mange reisene sine her i landet. I 1808 var han såleis den fyrste som kom med firehjuls vogn frå Trondheim til Steinkjer.

Den gjengse teorien, som von Buch var talsmann for heile livet, var at blokkene hadde kome flytande i ein stor flaum. At det ein gong hadde vore ein slik flaum, var kjent frå Bibelen. Ettersom det framleis fanst brear i dei Skandinaviske høgfjella, tenkte dei seg at desse blokkene kom flytande på isflak i flaumen. Fenomenet var også kjent frå Frankrike og Italia med blokker frå Alpane.

Som god ven med LvB engasjerte også vår første geologiprofessor, Jens Esmark, seg i diskusjonen, også hans elev og etterfølgjar, Keilhau vart engasjert.

Sumaren 1823 var Esmark på ei rundreise i landet for å skjekke opp gamle gruver. Han reiste saman med studentane Theodor Kittelsen og Otto Tank. Fordi det var gamle gruver og kisførekomstar der, kom dei turen forbi Haukalivatnet like ved Lysefjorden i Rogaland. Der fann han ein kraftig morenerygg, seinare kalla Esmarkmorenen. Dette var eit sterkt vitnemål om at det hadde lege ein bre like ned til havnivå. Ved Sulaøyane fann han konglomerat som tydeleg var skura og polert i ein prosess der harde steinar i konlomeratet var kløyvde og der lausare fjell ikkje var meir nedslite enn harde bollar, einaste forklaringa måtte vera iskuring. På vegen frå Nordfjord til Skjåk kom dei gjennom Raudalen. Den gongen gjekk dei to breane, Tyskilbreen og Sikilsbreen i lag. Ved Leirvatnet nedanfor breane kunne han sjå omtrent same fenomenet som ved Haukalivatnet med morene og finare massar som var vaska vidare med vatnet. Men her var det som ein del av ein aktiv prosess. Morenen her fekk seinare namn etter Otto Tank.

I 1823 publiserte han artikkelen «Bidrag til vor Jordklodes Historie». Her kunne han vise til at landet ein gong hadde vore dekka av is ned til havnivå. Det kunne også forklare flytteblokkene i Danmark, også der må landet ha vore dekka av isen. Han hadde også ein hypotese om dei klimaendringane som kunne ha skapt ei slik istid, men han var i tvil om denne forklaringa sjølv og hadde i allfall ikkje overtydingskraft nok til at kollegaene trudde på teoriane hans. Dessutan var tittelen og innhaldslista så lite opplysande om innhaldet at få oppdaga det. Hadde Baltazae Mathias Keilhau vore med på turen, kunne historia utvikla seg på ein annan måte, han hadde formuleringsevne og journalistisk teft. No vart han motstandar av teorien. LvB vart så irritert at han braut venskapen med Esmark.

Esmark førte opp 6 bevis for teorien sin:
1. Flyttblokker spreidde utover sletteland.
2. Blokker på fjellryggar og toppar.
3. Blanding av stort og smått = morene.
4. Morene ved havnivå.
5. Noregs overflate: fjordar, dalar og bortførte lausmassar.
6, Polerte konglomerat ved havnivå

Han kjente til skuringsstripene, men la mindre vekt på dei.

Heller ikkje den unge geologen Amund Helland som tok opp att arbeidet med teorien etter å ha studert Esmarkbreen i 1875, fekk medhald og aksept. 

Diskusjonen hadde gått blant fagfolk over heile Europa, mellom dei Charles Darvin og Johan Wolfgang von Goethe. Først heilt mot slutten av 1800-talet vart det fagleg semje om istida elle istidene.

No er det ingen som tvilar på at dei lausmassane og flytteblokkene som finst frå fjellet i Skandinavia til langt ut på det europeiske slettlandet er resultat av istider, der den siste synest best. Reisa starta mellom anna i fjella her. Denne cachen skal vise oss eit område der prosessen er godt synleg.

                    

 



Denne cachen voktes av:

Additional Hints (Decrypt)

Haqre

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)