Ferdsla på fjorden i Førde
Førde
fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1859 då selskapet starta eiga fjordabåtrute på Sunnfjord. Kaia på Steinen vart bygd i 1868, men den rasa i fjorden i 1870.
Ny kai stod ferdig i 1872. Anders A. Steen frå Holsen vart første ekspeditøren på Steinen. Kaia på Steinen tente som kai for både Førde og Jølster kommunar, og jølstringane ytte tilskot til vegen som vart bygd frå Den trondhjemske Postvei på Hafstad og ut til Steinen. Fylkesbaatane ytte i 1902 tilskot til bygging av hestestall på Steinen.
Steen-familien var ekspeditørar på Steinen i fem generasjonar. Fylkesbaatane la ned ruta til Førde i 1990.
Heilt fram til vegen over Vasslia mot Fauske og Solheimsdalen vart opna i 1975, måtte folket frå dei vestlegaste bygdene i Førde kommune nytte rutebåtane på Førdefjorden til godstransport.
Det kunne vere folksamt på Steinen når båten kom. Dette biletet er truleg frå 1962, og det er ”Kommandøren” som har lagt til kai. Foto: Reiakvam.
Dampskipskaia på Steinen var eit viktig knutepunkt i 1915. Ukjend fotograf./The steamships pier on Steinen was an important hub in 1915. Unknown photographer.
Veg til Steinen
Straks etter at Fylkesbaatane var skipa i 1858 var jølstringane så interesserte i å kome ned til dampen og fjorden at Jølster kommune ytte tilskot til byggjing av vegen frå skysstasjonen på Hafstad (noverande Førde sentrum sør) til dampskipskaia på Steinen – ei strekning på ca. 2 kilometer. Denne vegen vart bygd 1867-1870.
In English:
Travelling on the fjord to Førde.
Lots of people crowded on Steinen when the boat arrived. The first picture is probably from 1962, and it is the boat «Kommandøren» (The commander) which has arrived.. Photo by Reiakvam.
All time before the road over Vasslia against Fauske and Solheimsdalen was opened in 1975, the people from the western areas in the community had to use the boats on Førdefjorden for tranport.
Førde
In 1859 it was decided that Fylkesbaatane had boatroute service in the area Sunnfjord, and made a stop in Førde. The pier was buildt in 1868, but in 1870 it slieded into the fjord. New pier was ready in 1872. Anders A. Steen from Holsen was the first expeditor on Steinen. The pier was a sentral point for shipping for both Jølster and Førde, and it was buildt a road from Den Trondhjemske Postvei and til Steinen pier.
In 1902 the Fylkesbaatane granted money to build a stable for horses on Steinen. The Steen-family were clerks on Steinen in 5 generations. Fylkesbaatene closed down the steam boatservice to Førde in 1990.
Road to Steinen
Immediate after the Fylkesbaatane was establised in 1858, the people from Jølster was very interested to use this transport. Jølster Community made an contribution to build the road from the coaching inn on Hafstad (what now is Førde Sentrum Sør) to the shipmentpier on Steinen – about 2 km. This road was build in 1867-1870.
Ta med blyant - bring your own pen!