Skip to content

Kongevegen - Gamle stavkyrkja Traditional Cache

Hidden : 6/12/2019
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   large (large)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Kongevegen - Gamle stavkyrkja

Cachen er ikkje plassert på vegen eller vegkonstruksjonen.
Eng: The Cache is not placed on the road or the roadconstruction.

Fjellkyrkjene kan ha heidensk opphav Det fyrste opphavet til St. Tomaskyrkja er truleg like gamalt som kristendomen i Noreg. Ja, opphavet til den religiøse samlingsstaden på Filefjell er truleg heidensk. Det er ei kjend sak at der det vart bygd kyrkjer, hadde det før vore horg eller hov. Horg er ein norrøn nemning på ein offerstad eller ein form for alter i førkristen tid medan Hov tyder kultstad. Kan hende det var slik her òg. Det er mykje som kan tyda på det. Det er verdt å merke seg at like ved St. Tomaskyrkja, omtrent på sjølve tomten, er det funne eit einegga sverd frå merovingertida, år 600-800 etter Kristus.


Sverd frå merovingertida/One-edge sword from year 600-800

Det går segn om fleire slike fjellkyrkjer i Valdres t.d. i Tisleidalen i Nord-Aurdal, Rauddalen i Sør-Aurdal og Dalen i Nordre Etnedal. På desse stadane som på Filefjell har det vore samlingsstad for folk også frå grannebygdene utanfor Valdres, særleg frå Hallingdal og Sogn. Ved St. Tomaskyrkja heldt dei Filefjelldansen. Her var òg ein annan dans, Frekarhelgdansen. Denne stod rett nok ved Nystova, som står 1-2 km aust for St. Tomaskyrkja. På alle desse stadane var det ikkje berre dans, men i heiden tid truleg bloting og hestestrid, i nyare tid slagsmål, kappriding og handel. Slik var det også ved horg og hov i den gamle tid. Dei religiøse samlingsstadane på fjellet har difor truleg fyst og fremst vore blotningsstadar for folk frå ymse bygdelag for godt år og fred. I St. Tomaskyrkja på Filefjell har det òg truleg vore ein stad ferdafolk kunne ta inn når uveret rasa for fælt. I den gamle tid skulle det ha vore tjukk furuskog over heile Smeddalen. Så heiter dalen der St Tomaskyrkja låg.
Segnet om korleis St. Tomaskyrkja vart funni
Den overtruiske allmugen på både sider av Filefljell trudde at St. Tomaskyrkja var ei underjordisk eller ei huldrekyrkje. Difor var ho usynleg, som huldra sjølv, til ho vart funne at etter Svartedauen. Om dette fortel segnet: Det var ein gong ein villreinskyttar som for gjennom Smeddalen med bogen sin. Best det var, fekk han sjå ei rype. Han skaut og fekk då høyre ein vakker klang. Han såg nærare etter og fann – ei kyrkje, som ingen hadde visst om i den tjukke skogen. Pila hadde treft kyrkjeklokka, så det hadde sunge i henne. Brått tok han kniven sin og kasta over kyrkja, så ho ikkje skulle bli huldrekyrkje att. Skyttaren heitte Tomas, og kyrkja fekk namn etter finnaren.
Når vart St. Tomaskyrkja bygd?
Om alderen på St Tomaskyrkja har Anders Bugge i ”Valdres 900-årskiftet” s46 nemnd fylgjande: Ein særlig interesse knytter seg til St.Tomaskyrkja. – Fordi den låg i Smeddalen mellom Nystova og Maristova, har ein meint at den var gudshus for folk som budde der oppe og som utvann myrmalm. Truleg vart den bygd som andaktstad for dei mange reisande som reiste over fjellet. Svillmuren, som var synleg inntil den seinare tid, tyder på at den har vore av storleik omtrent som Borgund stavkyrkje i Sogn. I følgje nemningar frå menn som såg den før den vart nedriven i 1808 hadde den hatt svalganger omkring og støylar saman med bogar. Den har med andre ord i grunntrekka hatt ein utsjånad som t.d. Høre eller Hegge kyrkje. Men støylane var mykje tunnare enn dei andre stavkyrkjene i bygdelaget. Koret ser ut til å ha vore rett avslutta, og inngangsdøra var på sørenden. Anders Bugge konkluderar med at Kyrkja tidligast er bygt i slutten av 1100-talet.
Om vedlikehaldet av kyrkja
Kyrkja var ikkje låst. Reinskyttarar var der ofte då det regna, og nokre overnatta der. Geitene på setrene som låg like ved, helt til i gangane rundt kyrkja. Der var det derfor fullt av geitemøk. Mange hadde ikkje att dørane etter seg då dei var inne i kyrkja. Reinskyttarar nytta kyrkja til å røykje reinskjøt i. Mannen frå Nystova turka bjørkebork til barking der.
St. Tomaskyrkja blir teken i bruk att
Det ser ut for at kyrkja ei tid var i forfall, men sett i stand att etter reformasjonen omtrent år 1615 av Vangs-presten. Utanom den faste busettning på fjellstovene, Nystova og Maristova, budde det visst nokre folk på Grønlien og i Brekkelien. På nokre av desse stadene var det folk der til omtrent år 1800. Den driftige presten i Vang i Valdres, hr Thue Auchesson Bahr (1615-1620) fekk allmugen i Vang til å pynte om kyrkja. Han fekk òg til messe der ein gong kvar sommar.
Den gamle St. Tomaskyrkje-stemna på Filefjell
Då presten i Vang i Valdres tok til å ha messe ved St. Tomaskyrkja, tok han truleg opp att ein gamal tradisjon. Det vart difor folksamt på sletta rundt den vesle fjellkyrkja når det er messer der. Fyst og fremst møtte det opp valdrisar, hallingar og sogningar, nordfjellungar, som dei i Valdres sa om dei sistnemnde. Men det møtte òg gudbrandsdøler, bergensarar og folk frå Christiansand stift og frå andre norske bygder. Mang ein sprek halling gjekk og gleda seg i all stille over korleis han skulle banke og rispe valdrisen eller sogningen som hadde fornærma han på messa året før. På alle stiar og ridevegar som gjekk til St. Tomaskyrkjemessa, krydde det av festrike festfølgje. Alle stemnefolk hadde teke på seg dei finaste bunadaner sine med all den fargerikaste stasen. Somme kalla St. Tomaskyrkjemessa for Ridarmessa. Det kom seg av at det var vanleg at folk reid til messa. Mange sjuke gav pengar til kyrkja for at dei skulle bli friske att.
St. Tomaskyrkja blir heilag og kunne gjera under
St. Tomaskyrkja fekk snart landsord på seg. Ho var heilag, ja, kunne gjera under. I kyrkjerekenskapen ser ein at folk som var sjuke, for til kyrkja frå heile landet og skulle få lækjedom. Men syndarar kom òg og skulle gjera bot. Mange hadde med pengar, krøtter og kyrkjeinvetar som dei ofra til kyrkja. Det følgde ei underleg kraft med St. Tomaskyrkja. Mange fekk att helsa si når dei for til kyrkja og hadde med seg gåver til henne. Men dei laut gjeva gåva med heilt hjarta, ellers nytta det ikkje. Borte i Hallingdal levde det for lenge sidan ei kvinne som var svært rik, men blind. Så fekk ho høyra om den undergjerande krafti, som følgde med St. Tomaskyrkja. Det var noko for henne. Ho òg laut til St. Tomaskyrkja og få att synet. Ho tok med seg ei stor gåve som ho ville gje til kyrkja. Så gav ho seg på veg over Hallingfjellet med følgjet sitt. Då dei kom fram på høgda, der vegen halla ned mot Smeddalen, fekk følgjet auga på den heilage kyrkja. Då hende underet: Augo opnast på den blide kvinna, så mykje ho fekk sjå kyrkja. Då tenkte ho: No kan eg spara gåva mi og fara heimatt. Så tenkt så gjort. Ho og følgjet hennar snudde på heimveg. Men ho var ikkje komen langt bort på fjellet før ho vart like blind. Så snudde ho attende – like til St. Tomaskyrkja og ofra. Men no var det for seint. Ho var blind og vart så verande.
Det lauslyndte livet ved St. Tomaskyrkja øydela omdømmet til gudshuset
Attåt desse som møtte opp ved St. Tomaskyrkja av religiøs grunn eller overtru, møtte det mange andre òg. I 2 til 4 dagar var det i tillegg til messe, ein stor marknad der oppe. Her handla dei og bytta hestar og kyr. Det var òg ymse småhandel her. Så dansa dei, drakk rusdrikk og øvde godkarsstykke. Mange hadde med mykje brennevin og sterkt øl. Dette gjorde mest til at livet vart så lausslept her. Folk undrast ofte på at Vårherre tolde sjå så mykje stygt ved ei kyrkje. Då det var uråd å halde messe der utan at det vart slik lurveleven og høg bråk etterpå, vart det til det at kyrkja skulle rivast.
St. Tomaskyrkja skal rivast
Ikkje alt gjekk føre seg som det skulle på St. Tomaskyrkje-messa. Akershus stiftsdireksjon ved biskopen, Hr. Niels Dorph og stiftsbefalingsmanden Generalmajor Hr. Friderich Otto von Rappe, sende i 1747 ei klage og søknad til Kongen eller kyrkjestyret i Danmark om livet her. Dei heldt fram at mange menneske frå Akershus og andre stift kom til messa av berre overtru. Dei ville ha hjelp i mange tilfeller. Difor gjev dei gåvor til kyrkja. Andre kjem dit berre for moro. Dei er der 2 til 4 dagar og driv med ugudeligheiter. Kyrkja er òg forfallen og må reparerast eller byggast opp på nytt. Dei gjer difor framlegg om at kyrkja må rivast. Den 24. juni 1808 fekk St. Tomaskyrkja dødsdommen. Det var medan sokneprest Wilhelm Fredrik Müller var prest i Vang frå 1801-1821 at St Tomaskyrkja vart riven. Den 2. november vart ho seld på auksjon til landkræmer Andersen og lensmann Sukkestad for 46 rd. Dei sytte for for at kyrkja vart riven i 1808.

Då den Bergenske Kongeveg vart bygd på slutten av 1700-talet, fekk ein for fyrste gong køyreveg mellom Aust- og Vestlandet. I dag er den gamle Kongevegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna vi har. Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå tronge og dramatiske fjordlandskap inst i Sognefjorden, via høgfjellet på Filefjell, og ned i innlandsbygdene i Valdres. Ei reise mellom landsdelane - med den historiske Kongevegen som den raude tråden undervegs. Der vegen er borte nyttar ein andre trasear, slik at det blir ein samanhengande turveg frå Lærdalsøyri til Vang. Syklistar har alternative ruter utanom dei mest sårbare delane av Kongevegen.


Messe på tomta etter St. Tomaskyrkja/Booth at the spot of St. Tomas church

The mountain churches can have pagan origins
The first origin of St. Tomas church is as old as Christianity in Norway. The origins of the religious meetingplace of Filefjell are pagan. It is a fact that churches were built on places it has been a sacrificial place or a form of altar in pre-Christian times as a cultural place. At all these places, there was not only dance, but in heathen time, rituals and horse-fighting, in recent times fights, races and trade. In St. Tomas church on Filefjell, it would also have been a place to be able to take in when the storm fell too badly. In the old days it was thick pine forest over the entire valley called Smeddalen.
The story about how the St. Tomas church was found
The superstitious people on both sides of Filefjell believed that St. Tomas church was an underground or a fairy church. For this reason, it was invisible, as the fairy was itself, until it was found that after the Black Death. A story tells: It was a reindeer shooter who walked through Smeddalen with his bow. Suddenly he got to see a grouse. He shot an arrow after it and he hit something that gave a beautiful sound. He looked closer and found a church, which no one had known in the thick forest. The arrow had hit the church bell. He took his knife and tossed over the church, so the church not continues to be an underground or a fairy church. The shooter was named Tomas, and church got names from him.
When was St. Tomas church buildt?
Because it was located in the Smeddalen valley between Nystova and Maristova, it was a place of Gods house for people who lived up there and making iron from bog ore. It was built as a devotional place for the many travelers who traveled across the mountain. The ground where the churche was built had the same aerial as Borgund stave church in Sogn. It has the basic features as Høre church and Hegge church. The church is built in the late 12th century.
The maintenance of the church
The Church was not locked. Reindeer hunters were often there when it rained, and some stayed there over night. The goats from the summer farms close by, used the corridors around the church. Many people did not close the door after them when they were in church. Reindeer hunters used the church to smoke reindeer meat. The people from Nystova dried birch bark there.
St. Tomas church in use again
It seems that the church was in disrepair, but was repaired after the reformation about 1615 by the Vang priest. The enterprising priest of Vang in Valdres, Mr. Thue Auchesson Bahr (1615-1620) got the people of Vang to decorate the church. He also got to make a Booth one time every summer.
The old St. Tomas church Booth on Filefjell
When the priest in Vang i Valdres began to have a booth at St. Tomas church, he began to make an old tradition. It was therefore a lot of people outside the small mountain church when there are Booths there. Most of the time people from Valdres, Hallingdal and Sogn were attended. But it also met people from Gudbradsdal and south of Norway. Many sick people gave money to the church for them to be healthy.
St. Tomas church gets holy and can heal
St. Tomas church soon got a wide reputation. The church was holy and it could heal. In the church account one sees that people, who were sick, came to the church from the whole country and to receive healing. But sinners also came and were to make it right. Many had money, cattle and inventory to give to the church. It was a strange power with St. Tomas church. Many got good health when they went to church and brought gifts.
The loose life at St. Tomas Church reveals the reputation of the god-house
Many of those who visited St. Tomaskyrkja of religious reason or superstition, many others visited too. For 2 to 4 days, in addition to the trade fair, there was a large market up there. Here they trade and exchange horses and cows. There were also many small businesses here. Then they dance, drink alcohol and practiced approval pieces. Many had a lot of spirits and strong beer. This made most of the life loose up here.
St. Tomas church must be demolished
Not everything went as it should at St. Tomas Church Booth. Akershus diocese board at the bishop, Mr. Niels Dorph and the diocese commander General Mayor Friderich Otto von Rappe, send in 1747 a complaint and application to the King or church council in Denmark about life here. They told about the conditions at the church and that the church also is overdue and must be repaired or rebuilt. This makes it possible for the church to be torn down. On June 24, 1808, St. Tomas Church received the death sentence. On November 2, it was sold at auction to businessman Andersen and the sheriff Sukkestad for 46 riksdaler. They tore down the church in 1808.

Kjelde/Sourche: Knut Hermundstad. St.Tomaskyskja på Fillefjell

Bergenske Kongeveg, built at the end of the 1700s, was the first proper road between eastern and western Norway. Today, the old Kongevegen is one of our most beautiful cultural heritage routes. The 100 km Kongevegen across Filefjell walk leads through some of Norway's most spectacular scenery. From the narrow, dramatic fjord landscape innermost in the Sognefjord, via the high mountains at Filefjell, and down to the inland villages in Valdres. A journey from one part of the country to another – linked together by the historic Kongevegen.



Geocaching i Norge

Additional Hints (No hints available.)