CITO-event søndag 23. september kl 10.30 - 11.30
Langs rullesteinsstrendene i Hå kjem det inn mykje søppel frå havet. Dette vert sjeldnare plukka av turgåarar enn søpla som kjem inn på sandstrendene, fordi det går fleire turgåarar langs sandstrendene. Bli med på ryddedugnad og plukk søppel i lag med oss! Alle (både barn og vaksne) som ikkje er dårlege til beins kan vere med. Du bør vere godt kledd for ver og vind, og støvlar er lurt å ha på beina. Det er sosialt og nyttig, og gjev god trim. Vi har fått hanskar og sekker av Jæren Friluftsråd, og dei hentar også søpla vi har plukka. Denne gongen vert også muglarar inviterte til å vere med på ryddinga. Det går framleis sauer på beite i ryddeområdet, så om du har med hund, må denne vere i band heile tida.
Eventet er del av den siste cito-veka i 2018 (den første var i april). Om du loggar deltatt på eit event i perioden cito-veka varer (15.-23. september), vil du få ein suvenir.