På Fanafjellet er det sidan vinteren 2014 bygt fleire skogsvegar. Det primære føremålet med vegane er skogsdrift. Dei er difor dimensjonerte for tømmertrailerar, men vegane skal òg fungera som turvegar, og vegane har vist seg å vera attraktive for turgåarar, både småbarnsfamiliar, hundeluftarar og mosjonistar. Rasteplassbord er sett ut ved fine utsiktspunkt fleire stader. Vinterstid kan vegane nyttast som skiløyper.
I området ved denne geocachen har du flott utsyn i fleire retningar. Går du ut på pynten mot nord, ser du rett ned på Klokkarvatnet og Titlestad, med Stend, Fanafjorden og Bergen i bakgrunnen. Borte ved rasteplassbordet litt aust for der du no står, har du godt utsyn mot Kalandsvatnet, Vallaheiene - og i bakgrunnen byfjella. Ser du i retning Os, ser du mellom anna Svinningen.

Hit kjem du ved å følgja skogsvegen anten frå Rambergtunet på nordsida av Fanafjellet eller frå Sedalen på sørsida. Utsiktspunktet ligg om lag midtvegs, men oppstigninga er brattast frå Rambergtunet.

Over: Utsyn frå området ved nullpunkt mot Kalandsvatnet med Hatlestad, Livarden lengst bak.
Under: Utsyn mot nord, husa øvst på Titlestad nærast. Bak der ser du Smøråsen - og i bakgrunnen både Lyderhorn og Løvstakken.
