Magnus Berføtt, konge i Noreg 1093-1103, var son av kong Olav Kyrre og soneson av kong Harald Hardråde. Han var opptatt av å hevda norsk herredømme over øyane utanfor Skotland og i Irskesjøen. Snorre fortel ei litt underleg soge om korleis Magnus Berføtt fekk kontroll over mange skotske øyer, men òg klarte å juksa til seg ei stor halvøy.
Soga byrjar med at Magnus viser styrke i det nord-vestre hjørnet av Wales:
Frå soga om Magnus Berføtt
Sidan styrte kong Magnus med hæren sin til Bretland1. Då han kom til Onguløysundet2, kom det imot han ein hær frå Bretland, og to jarlar var førar for den, Huge Prude og Huge Digre. Dei la straks til slag, og det vart ein hard strid.
Kong Magnus skaut med boge, men Huge Prude var heilt brynjekledd, så det var ikkje anna bert på han en auga. Kong Magnus og ein Håløygsk mann som stod attmed kongen, skaut kvar si pil etter han, og deo skaut begge samstundes. Den eine pila kom i naseskjermen på hjelmen, så han la seg til dein eine sida, men det andre skotet kom i auga på jarlen og gjekk tvers igjennom hovudet, og det skotet trudde dei var kongens. Der fall Huge jarl, og då flydde bretane, dei hadde mist mykje folk.
Dette fortel Bjørn Krepphendt:
I Ongulsund hovdingen valda
at Huge den prude let livet
Der våpna taut fram og attende
Fort flaug pila frå bogen
Dette vart òg kvede:
Mot brynje brodder klirra;
kongen skaut med velde;
Egdefyrsten spente;
blodet skvatt på hjelmar.
Mot ringbrynjer pilene regna,
og ramt vart fiendar råka.
Hordakongen tok livet
i harde striden av jarlen.
Kong Magnus vann i dette slaget, og då la han under seg Ongulsøy, og så langt sør hadde dei førre kongane i Noreg òg lagt landet under seg. Ongulsøy er tredjeparten av Bretland.
Etter dette slaget snudde kong Magnus med hæren sin og segla først til Skottland. Då for det menn mellom Magnus og Skottekongen Melkolm, og dei gjorde forlik. Kong Magnus skulle ha herredømme over alle dei øyane på vestsida av Skottland som låg såleis at ein kunne fara mellom dei og landet på eit skip som hadde fast ror.

Men då kong Magnus kom nord til Saltire, let han dra ei skute over Saltire-eidet, og la styret i lag. Kongen sjølv sette seg i lyftinga og heldt på styresonga, og eigna såleis til seg det landet som låg på bakbordsida. Saltire er eit stort land, og betre enn den beste av Suderøyane, så nær som Man. Det er eit smalt eid mellom Saltire og sjølve Skottland, og der dreg dei ofte langskip over.
Oppgåve:
Kva heiter den vesle byen (drøye 1000 innbyggarar) som i dag ligg der Magnus Berføtt si ferd over land starta? Namnet på engelsk, ikkje skotsk/gælisk.

Du kan sjekke din oppgave med certitude.
Dette er den sekstande av ein serie cacher med pussige historier frå Snorres Kongesoger.
1) Wales. Det norønne begrepet Bretland omfattar meir en Wales, men i denne samanhengen er det Wales.
2) Ongulsøy = Anglesey