Skip to content

Fjellgardane kyrkje Traditional Cache

Hidden : 2/20/2019
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Fjellgardane kyrkje

 

22. september 1957, ein fin haustdag, blei Hovden kapell, eit såkalla langkyrkjebygg, vigsla av biskop i Agder bispedøme, Johannes Smidt. Dei totale kostnadene var fram til sommaren 1958 på vel 58.000.- kr.  Av dette hadde byggmeistar Åsmund Haugarne frå Edland fått 53.745.- kr. Gratis tømmer, tallause dugnadstimar og gåver gjer at dei reelle kostnadane nok var betydeleg høgare.  Det meste av dei knapt 60.000.- kronene var samla inn på basarar og kronerulling, som begynte så tidleg som i 1944. Kyrkjegarden blei offisielt vigsla den 9. juli 1950.

O. Olsen og søns Klokkestøperi i Nauen utanfor Tønsberg leverte klokka, Olav Jeiskeli støypte fundamentet og Ånund P. Tveiten gjorde snikkararbeidet slik at klokkestupulen kom på plass i 1951.  Kunstnaren Finn Emanuel Olsen har laga altarmåleriet (1959). Dreng Lien frå Valle hadde ansvaret for altar og altarring, døypefont og talarstol.  Dette var på plass i løpet av våren 1959.  Dr. Barstad og kona gav i 1960 kyrkja eit praktfullt krusifiks og to store lysestakar.  Torbjørg Bjåen kom samstundes med ein ny golvløpar. Else Marie Jakobsen laga eit antependium til kyrkja i 1970.  Bårehuset, som har plass til eit reiskapsrom og lager, stod ferdig i 1999.

Arkitekt for Hovden kapell, frå 2002 Fjellgardane kyrkje, var Torjus Bjåen.  

Additional Hints (Decrypt)

Uratre

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)