Skip to content

Søholmen 1 Traditional Cache

Hidden : 11/22/2019
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


I boka ”Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet” (Os 1957) er Søholmen omtalt som Sjøholm eller Henriksholm. Garden er ikkje ført opp med avling og husdyr.

Søholmen har gbnr. 156/4 og var opprinnelig ein plass under bruk nr. 2. Det er i dag ikkje kjent når Søholmen blei ein plass under bruk 2 og det er heller ikkje kjent korleis levevilkåra var i forhold til bygg, avling og husdyrhold.

Siste plassmann som budde på Søholmen var Eirik Jakobson Orheim/Totland f. 1832. Han kom frå Orheim på Stårheim. Han var gift med Malene Monsd. Totland f. 1829. Dei hadde 7 barn: Olai 1855 - 1876, Jonas 1859 -1953, Marie 1862 -1936 (gift Birkelid, var misjonær og busett i USA), Oline 1865 - (gift og busett i Selje), Mons 1866 -1946 (flytta til Eid), Synneve 1869 -(gift og busett i Minnesota) og Gabriel 1871 -1949 (flytta til Eid). Eirik og eldste sonen Olai var med på det tragiske forliset med kyrkjebåten i 1876, der sju menneske omkom. Eirik berga seg, men Olai omkom.

Malene var dotter til Mons Pederson Vik, dåværande eigar av bruk nr. 2. Han selgde seinare garden og flytta til Bergen. Ivar Olson Kassen kjøpte garden og fikk skjøytet i 1901. Han selgde Søholmen i 1905 for kr. 400 til Lars Eirikson Runnshaug som var gift med Anne Olsdotter Gjesdal. Dei hadde 6 barn: Johanne, Olina, Olav, Aslaug, Emma og Alvhild.

I tillegg til jordbruk og fiske dreiv Lars Eirikson Runnshaug som smed. Han bygde opp husa på garden. På garden var det låvebygning med fjøs, sjøbud og smie. Smia hadde loft eller lem, der det ble lagret diverse både for smia og gardsdrifta. Hovedhuset blei flytta fra Leivdal i Eid midt på 1920-talet. Garden ble dreven som vanleg på den tida med eit par kyr, nokre sauer, griser og høner.

Lars og broren Jon hadde fiskebåt saman. Båten vart kalla Surviksjekta og var ein gamal seglbåt med innsett motor. Dei dreiv sild- og torskefiske. Torsken flekte og salta dei og tørka den på svaberga på Søholmen. Søholmen hadde lakserett og Lars hadde kilenot ved søraustre neset på holmen. Dette neset vart kalla Rubben. Sjøbuda stod der kaia er i dag, og inneheldt alt som hadde med fiske og sjøen å gjere. Båtstøa for færingen, ved sida av sjøbuda, ser en tydelig restene av.

Sonen til Lars og Anne Rundshaug, Olav, overtok bruket og budde der åleine til sist på 1980-talet.

Kilde: Forvaltningsplan for Søholmen, Vågsøy kommune, 04.01.2007 (In Norwegian)

Hovedhuset, som var det siste som stod att, brann ned til grunnen i 2010.

Søholmen er i dag eit fritidsområdet med sandvolleyball bane og grillplass. Her er og bygd kai og badebrygge. Plassen er brukt av skule, barnehage, 4H og leirstaden Fjorly m.m. Mykje frivilligt arbeid er gjort for at plassen skal vere så flott.

Geocachen er ein plastboks og har logg og blyant og nokre bytteting. Parker ved dei oppgitte koordinatane for parkering.

Søholmen in the 1920s

Søholmen i 1920 åra. Søholmen in the 1920s

---

In the book ”Selje and Vågsøy. The countryside and the rural community ”(Os 1957), Søholmen is referred to as Sjøholm or Henriksholm. No crops or livestock is mentioned.

The farmer at Søholm was early on a crofter/tenant of the closest farm on the mainland.

The last tenant/crofter to live on Søholm was Eirik Jakobson Orheim / Totland b. 1832. He came from Orheim at Stårheim. He was married to Malene Monsdatter Totland b. 1829. They had 7 children: Olai 1855 - 1876, Jonas 1859 -1953, Marie 1862 -1936 (married Birkelid, was a missionary and settled in the United States), Oline 1865 - (married and moved to Selje), Mons 1866 - 1946 (relocated to Eid), Synneve 1869 - (married and moved to  Minnesota) and Gabriel 1871 -1949 (relocated to Eid). Eirik and eldest son Olai were involved in a tragic church boat accident in 1876, where seven people perished. Eirik survived, but Olai drowned. (Note: People here had to row across the fjord to Rugsund to go to church, to marry, bury and baptise.)

Malene was the daughter of Mons Pederson Vik, then owner of the farm on the mainland. He later sold the farm and moved to Bergen. Ivar Olson Kassen bought the farm in 1901. He sold Søholmen in 1905 for kr. 400 to Lars Eirikson Runnshaug who was married to Anne Olsdotter Gjesdal. They had 6 children: Johanne, Olina, Olav, Aslaug, Emma and Alvhild.

In addition to agriculture and fishing, Lars Eirikson Runnshaug also worked as a blacksmith. The farm included a barn with some room for livestock, a boathouse and a smithy in addition to the main haous. That house was moved from Leivdal in Eid in the mid-1920s. A couple of cows, a few sheep, pigs and chickens also lived on the farm.

Lars and his brother Jon owned a fishing boat together. The boat was called Surviksjekta and was an old sailboat with a fitted engine. With this boat They fished herring and cod. They skinned and dried the cod on the bare rock-face at Søholmen. Søholmen had salmon rights and Lars had a fish trap at the southeastern point of the island. This point was called Rubben. The boathouse stood where the pier is today.

The son of Lars and Anne Rundshaug, Olav, took over the farm where he lived alone until the end of 1980s.

Source: Forvaltningsplan for Søholmen, Vågsøy kommune, 04.01.2007

The main house, which was the last building standing, burned to the ground in 2010.

Søholmen is today a recreational area with a sand volleyball court and a few grills for barbequing. A lot of volunteer hours have been spent making this such an attractive place. Enjoy.

The geocache is a lunchbox size plastic container with logbook, pencil and a few items for trading. Park at the waypoint.

Additional Hints (Decrypt)

Haqre fgrva irq owøex/Haqre ebpx ol ovepu

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)