Dalsneset er ein fin plass til å gå på tur og lage bålmat. Her er ein stor bålplass i skogen med tømmerstokkar rundt til å sitje på. I oktober 2018 vart det opna ei bru over til Dalsneset frå Måløy storsenter. Du kan parkere ved "Måløy Storsenter" og så gå over brua bort til Dalsneset. Skavøypoll Skule og barnehage brukar plassen ofte. Det er ein veldig fin plass og eg anbefaler deg å ta turen! :-)
Cachen ligg gjøymt i ein liten boks og inneheld loggbok, blyant og eit par småting til å byte.
---
Dalsneset is a great place to go for a short walk. In October 2018, the floating bridge was opened to Dalsneset from Måløy Storsenter (the shopping center). You can park at Måløy Storsenter and then walk across the bridge to Dalsneset. Skavøypoll Skule and the kindergarten use this area quite often. Beautiful place to visit and I highly recommend it! :-)
The cache is hidden in a small box and contains a logbook, pencil and a few small items for trading.