Skip to content

Også vi når det blir krevet Mystery Cache

Hidden : 5/6/2020
Difficulty:
2.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Då denne cachen vart lagt ut var det 80 år sidan det vart skote mot innkommande tyske skip her frå Odderøya, og 75 år sidan frigjeringa etter 5 års okkupasjon.

Åtte norske soldater mista livet her på øya, det står eit minnesmerke på toppen av øya. 

I denne cachen skal me heidra dei nordmenna som kjempa og døydde i kampen mot nazi-regimet og okkupasjon og for frihet.

Her kjem det 13 avsnitt, A-M, som kvar fortel om eit utval aspekt ved den norske krigsinnsatsen. 

Kvar avsnitt høyrer  saman med eit av dei nummererte punkta merka av på kartet. So er det berre å finna ut kva nummer som høyrer til kva bokstav, og du kan finna cachen.

 

A. "Hvis fanden skal det skytes med skarpt" 

 

B. Den norske 6. Divisjon under generalmajor  Carl Gustav Fleischer var den norske avdelinga som gjorde mest effektiv motstand mot den tyske invasjonen i april-tidleg juni 1940. Saman med allierte  styrker slo dei langt på veg tilbake invasjons-styrken i divisjonen sitt operasjonsområde, men til slutt tvang utviklinga i Frankrike dei allierte til å trekka tilbake sin støtte, og det vart håplaust å fortsettja. Punkt B er den byen desse kampane dreidde seg rundt.

C. Handelsflåten. Det klart viktigaste norske bidraget til den allierte krigføringa var handelsflåten, som delto i transport av mannskap våpen og andre forsyningar under stadige angrep frå fiendtlege fly, skip og ubåter, ofte også under vansklege værforhold. Ein viktig del av denne aktiviteten er kjent som slaget om <punkt C> Ca 3700 norske sjøfolk mista livet i alliert teneste.

DHurtigruteskipet St. Svithun vart bomba ved punkt D av britiske fly 30. september 1943; visstnok fordi det var tyske soldater ombord. 35 nordmenn og 12 tyske soldater omkom. Okkupantane hadde tatt kontrol over store deler av innenriksfarten i Norge, som dermed vart eit mål for allierte angrep. Dei gjekk hardt utover norske sivile, ikkje mindre en 180 fartøy i innenriksflåten gjekk tapt i krigshandlinger med over 1000 omkomne. Dette vart sjølvsagt brukt i nazistisk propaganda.

 

E. Ein skvadronen med sjøfly eskorterte konvoier og flaug anti-ubåtpatruljer frå basen ved punkt E. Flya som vart brukt var Northrop N-3PB sjøfly, etter kvart og Catalina flybåter. Skavdronen vart etter kvart flytta til Shetland der den flaug Sunderland flybåter. Skvadronen opererte frå E i perioden juni 1941 til februar 1943. 21 mann mista livet i denne tenesta.

F. 168th Norwegian Minesweeping Group. Ein del kvalbåter vart i løpet av krigen tilpassa til militære føremål, nokre av dei vart brukt som minesveiparar. Ein avdeling av tre slike ombygde kvalbåtar var frå februar 1942 stasjonert i område F.

G. Norwegian Naval Independent Unit var ein avdeling av nordmenn under britisk kommando som dreiv kurer og transportteneste til og frå den okkuperte norskekysten. Dei starta opp med å bruka fiskebåter. Etter kvart vart avdelinga ein del av den norske marine, under navnet "Royal Norwegian Naval Special Unit". Basen var ved punkt G. Dei fekk og etter kvart  bytta ut fiskebåtane med amerikanske ubåtjagere. 44 mann frå avdelinga mista livet i denne tenesten.

MK Blia vart brukt av denne avdelinga tidleg i krigen. Ho forliste i ein storm med stort tap av menneskeliv, 42 i alt. (Passasjerer og mannskap)

H. Truleg den mest berømte sabotasjeaksjonen gjennomført av medlemmer av kompani Linge. Eit anlegg som var viktig for tysk atomforskning vart øydelagt i februar 1943. I forkant av aksjonen hadde eit glideflyangrep misllykast og 41 engelse soldater og flymanskap enten døydde i flystyrt eller vart henretta av tyskarane. I etterkant av denne aksjonen vart det og funne nødvendig å sprenga ei ferge, og 14 sivile passasjerer og 4 tyske militære mista livet.

Kvar er punkt H?

I. Ubåten Uredd var i teneste frå september 1941. Det var det konvoy-teneste og patruljering av norskekysten stod på programmet. I februar 1943 skulle Uredd landsettja agentar frå kompani Linge i Norge men ubåten forsvant sporlaust med heile mannskapet på 34 og 6 agenter. Det var antatt at Uredd gjekk på ei mine og dette vart bekrefta då vraket av Uredd vart lokalisert i 1985. Vraket av Uredd er i dag rekna som krigsgrav.

Dette er punkt I.

J. Jagaren Stord under kapteinløytnant (seinare viseadmiral) Skule Storheil, hadde ei imponerande merittliste frå august 1943 til slutten av krigen. Høgdepunktet var nok då Stord og tre britiske jagarar gjekk på kloss hold av ein tysk slagkryssar for å torpedera den mens den var i kamp med dei tyngre britiske skipa, med slagskipet HMS Duke of York i spissen. Resultate vart ein viktig seier for trygginga av konvoitenesten og ein tragedie for den tyske marinen, det tyske skipet gjekk ned med over 1800 mann. Dette skjedde ved punkt J.
 "... Please convey to the C-in-C Norwegian Navy: Stord played a very daring role in the fight and I am very proud of her..."
       Admiral  Fraser  Telegram til det britiske admiralitetet
"... the Norwegian destroyer Stord carried out the most daring attack of the whole action..."
    Kaptein 
Guy Russell, HMS Duke of York

K. Det kunne kosta for norske sivile å hjelpa flyktingar på veg til England eller agenter som kom til England. I denne bygda, som er punkt K, oppdaga tyskarane i april 1942 at to agentar frå kompani Linge vart skjult på eit loft. Då dei kom for å arrestera dei vart det skotveksling og to Gestapo-menn vart drepne. Reichskommissar Josef Terboven beordra harde represalier:

Den overlevande agenten og ein hjelpar vart henretta.
Alle hus i bygda vart sprengt og brent,
Båtar vart senka
Budskapen vart slakta
Alle kvinner, barn og gamle vart deportert internt i Norge.
Alle arbeidsføre menn i alderen 16-60, 72 menn,  vart sendt til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. 31 av dei døydde i fangenskap.
18 fangar som var arresterte av heilt andre grunnar vart henretta ved Trandumskogen. 

Frå Sachsenhausen konsentrasjonsleir.

L. Jagaren Svenner var eit søsterskip til Stord, men fekk ikkje ein like spektakulær krigsinnsats. Svenner hadde berre vore i teneste nokre få månader då det vart torpedert og gjekk ned med 34 mann (av 230) på sitt første oppdrag. Kvar var det?

M. No 5 Troop 10. Interallied Commando var den norske kontingenten i ein internasjoal commando-styrke på sju tropper a 87 mann. Dei sju troppene kom frå 7 ulike land. No 5. Troop deltok i ulike raid mot det okkuperte Norge til dei vart underlagt 4. Special Service Brigade. 1. til 8. november 1944 deltok No. 5 Troop i eit angrep mot punkt M. 

Det er dårleg med kildehenvisningar i teksten, litt av oppgåva er jo å spora opp opplysningar sjølve. Det bør ikkje vera veldig vanskeleg.

Har du komme hit vert det litt rekning:

N=C+2
O=L+M
P=J-H
Q=F-E
R=G-8
S=B-D
U=A-K-3
V=I

som gjev

N 58 N.OPQ' E 8 R.SUV'

 

 

 

Additional Hints (Decrypt)

[Sjekkar]

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)