Bragdøya frå vest til aust på sørsida.
På Bragdøya er det mange stier det er fint å gå, og Luna the Geodog stortrivest her ute. Ein dag gjekk me den flotte blåmerka stien frå Kystkultursenteret til Havna ved Hestehodet. Sidan det var ein del ledig plass for cacher her kom ideen om at Luna kunne visa fram denne stien med ein mini-trail. Dermed vart det lagt ut 5 cacher til eit Celebration event som var her ute. I tillegg vart ein 6. cache som var lagt ut tidlegare inkludert i trailen frå vest til aust på Bragdøya. På utleggstidspunktet ligg det også to andre cacher langs denne stien som det er logisk å ta samtidig.
Cache 1-4 ligg langs den blåmerka stien, for å koma til nr 5 og 6 følg raudmerka sti austover frå Havna.
Alle cachane er PET-røyr, tre av dei heng i tre/røtter, og tre av dei er gøymt på bakken. Eg har lagt på relativt klåre hint, så det bør vera rimleg greitt å finna dei.
These 6 caches is placed along the blue marked and red marked paths to show you a nice path from west to east along the southeren side of the Bragdøya island. You can come to the island with your own boat, or by taking the ferry from Lumber to the Kystkultursenter. The T-ratings are for the hike from the Kystkultursenter. All the caches are PET-tubes.

Skårungen Barnehage
Når ein byrjar turen frå Kystkultursenteret er noko av det første ein kjem til ei åpen slette med ein gapahuk. Her held Skårungen Barnehage i Vågsbygd til. Ein avdeling i barnehagen heiter Bragdøya og bruker nesten denne staden som hovudbase, men også dei andre Skårunge-avdelingane frå Vågsbygd er flittige gjester her ute.
Cachen ligg eit stykke unna, inne i skogen på sørsida av sletta.