Bragdøya frå vest til aust på sørsida.
På Bragdøya er det mange stier det er fint å gå, og Luna the Geodog stortrivest her ute. Ein dag gjekk me den flotte blåmerka stien frå Kystkultursenteret til Havna ved Hestehodet. Sidan det var ein del ledig plass for cacher her kom ideen om at Luna kunne visa fram denne stien med ein mini-trail. Dermed vart det lagt ut 5 cacher til eit Celebration event som var her ute. I tillegg vart ein 6. cache som var lagt ut tidlegare inkludert i trailen frå vest til aust på Bragdøya. På utleggstidspunktet ligg det også to andre cacher langs denne stien som det er logisk å ta samtidig.
Cache 1-4 ligg langs den blåmerka stien, for å koma til nr 5 og 6 følg raudmerka sti austover frå Havna.
Alle cachane er PET-røyr, tre av dei heng i tre/røtter, og tre av dei er gøymt på bakken. Eg har lagt på relativt klåre hint, så det bør vera rimleg greitt å finna dei.
These 6 caches is placed along the blue marked and red marked paths to show you a nice path from west to east along the southeren side of the Bragdøya island. You can come to the island with your own boat, or by taking the ferry from Lumber to the Kystkultursenter. The T-ratings are for the hike from the Kystkultursenter. All the caches are PET-tubes.

Kongshavn, Havna, Practica
Viss du finn cachane i nummerrekkfølge har du passert Havna litt før før du finn cache #5,
Eg har ikkje klart å få full oversikt over rett navnebruk her. På kartverket sine kart er bukta merka som "Havna" og holmen som skjermar bukta er kalla Hestehauet. På orienteringskartet frå Oddersjå er havna merka som "Kongshavn", holmen merka som "Kongsholmen" og "Hestehode" er det neset som er nordsida av austre innsegling til bukta. Orienteringskartet har det alternative navnet "Practica" på sjølve bukta, eit namn som skal stamma frå at bukta var karantenehavn på 1700-talet.
Uansett kva som er rett eller gale, i dag er dette ei lun havn med eit kai-anlegg eg utedo, der båtfolket kan rasta, bada, slappa av og eventuelt bli over natta.

Dette området har og ei dyster fortid; her henretta Gestapo russiske krigsfangar under 2. verdenskrig. Det er sett opp slike markører i området, og ein minnestein lengre inne på øya. Meir om det på eigen cache: GRAV NR. 5. SKUTT 31/5-44.