Jakt og fiske
I Skjåk er det gode moglegheiter for jakt og fiske.
Jakt på villrein i høgfjell opp mot 2000 moh er det ikkje så mange andre stader ein kan oppleve. I Skjåk kommune blir det årleg felt fleire hundre villrein. Det er gode bestander av elg og hjort i Skjåk, dyra er ofte i god kondisjon og mange av hanndyra har flotte gevir. Det er og gode moglegheiter for småviltjakt i Skjåk. Sidan mykje av arealet er snaufjell er rype den småviltarten det er mest vanleg å jakte på.
I Skjåk finn oss aure i rundt 200 vatn og i ca 250 km elv. I mange av vatna finn stor aure (over ein kg). I Ottaelva vandrar det mykje aure oppover frå Skim, fleire av desse ligg på 1-1,5kg.
Det er grunneigaren som har retten til jakt og fiske og som driv forvaltning av haustbare artar. Skjåk Almenning eig 95 % av arealet i Skjåk og har dermed det meste av jakt- og fiskeretten her i kommunen. Dei sel jakt- og fiskekort.
Skjåk Almenning har eit overordna ansvar når det gjeld vilt- og fiskeforvaltning. Det er Almenninga som tildeler fellingsløyver på elg, hjort og rådyr til jaktrettshavarane.
Skjåk kommune har eit fond til fiske, vilt og friluftsliv. Fondet kan brukast til opphjelp av tiltak som kjem inn under område fiske, vilt og friluftsliv. Midla skal fortrinnsvis brukast til investeringstiltak

Oppgave 1:
3 5 18 22 9 4 1 5
Oppgave 1:

You can validate your puzzle solution with certitude.
Oppgave 2

You can validate your puzzle solution with certitude.
Finalen

You can validate your puzzle solution with certitude.