Landbruk er ei viktig næring i Lom og Skjåk, og står for ein vesentleg andel av sysselsetjinga i kommunane. Det er totalt 280 føretak som søker produksjonstilskot, og dei aller fleste av desse er husdyrprodusentar. Til saman driv desse føretaka om lag 46 000 dekar jordbruksareal. I tillegg er det betydelege utmarksareal som blir beita av sau, geit og storfe sommarstid. Dette bidreg til å oppretthalde det flotte kulturlandskapet i fjell og dal. N 61° 54.582 E 008° 01.762

