Skip to content

Stubbar frå Snorre, Jolablot #1 Trollskap Mystery Cache

Hidden : 10/29/2020
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Tida rundt år 1000 representerer overgangen mellom førkristne religionar og kristendomen, og dermed også overgange mellon det førkristne midtvintersblotet og den kristne jolafeiringa. Vårt ord Jul/Jol er faktisk ein arv frå Midtvintersblotet, Jolablotet.

Utvalgte dager i desember 2020 vert det publisert cacher i Stubbar frå Snorre-serien med tema akkurat frå denne overgangen. Desse cachane er tenkt som park&grab-cacher, som kan loggast etter kvart som dei kjem ut, eller som ein relativt logisk køyretur/sykkeltur når advent er over.

Frå soga om Halvdan Svarte

Først ein jolahistorie frå ca år 860, altså ca 170 år før slaget på Stiklestad, med dårlege far/son-relasjoner og kamp mot trolldom:

Dronning Ragnhild fødde ein son som dei auste vatn på og kalla Harald. Han vart snøgt stor og utifrå ven. Han vaks opp der og vart ein stor idrettsmann og hadde godt vit. Mor hans heldt mykje av han, men far hans mindre.

Kong Halvdan var på Hadeland i jula. Der gjekk det underleg til julaaften Da dei hadde gått til bords - og dei vare oversleg mangmente - så kvarv all maten og alt ølet bort frå bordet.  Kongen sat sturen att; og alle dei andre gjekk kvar til sitt.

Men kongen ville vite kven som var skuld i dette, og han let ta ein finn som var trollkunnig, og ville nøyde han til å komme fram med sanninga, og pinte han, men fekk ingenting utav han. Finnen bad så vent Harald son hans, om å hjelpa seg, og Harald bad dei spare han, men det hjelpt ikkje. Da fekkk Harald han bort mot kongens vilje, og følgde sjølv med han. Dei kom farande til ein stad der ein hovding heldt eit stort gjestebod, og der vart dei godt mottekne såg det ut for. 

Da dei hadde vore der til våren, var det ein dag hovdingen sa til Harald: "Det var fælt til stort tap far din tykte det var i det grannet mat som eg tok frå han her i vinter; men det skal eg no løne deg med ei god tidend. No er far din død, og du skal fara heim. Da vil du få heile det riket som far din har ått, og attåt skal du vinna heile Noreg"

Halvdan Svarte går gjennom isen på Randsfjorden

Halvdan Svarte drukna då han og følget hans gjekk gjennom isen på Randsfjorden.

Dårlege far/son relasjoner ser ut til å ha vore normen, Halvdan kjende sjølv aldri sin eigen far. Far hans, Gudrød Veidekonge, vart drepen på ordre av mor hans, Åsa Haraldsdotter, då Halvdan var eit år gamal. (Eg vil nødig gå god for valdlege løysingar,  men... Gudrød Veidekonge fekk nei då han fridde til Åsa, og svarte med å drepa far hennar og bror hennar, og tvang henne til å gifta seg med seg. Så som dei syng i Chicago: "He had it comming!")

Men Harald var ikkje so mykje betre som far sjølv, skal ein tru Snorre, han sendte ein av sønene sine til oppfostring hjå ein konge i utlandet. Det skriv Snorre at var meint som ein fornærmelse mot denne kongen. Sonen kunne lett vorte drepen, men so gale gjekk det ikkje. Denne sonen fekk seinare ulike tilnavn, det eg er ute etter refererer til oppfostringa i utlandet.

Kva heiter denne sonen?  Svar på forma:

navn tilnavn


Sjekk svaret ditt i certitude.

 

 

Additional Hints (Decrypt)

[Sjekkar]

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)