Skip to content

Stubbar frå Snorre, Jolablot #2 Kristent Jolablot Mystery Cache

Hidden : 11/1/2020
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Tida rundt år 1000 representerer overgangen mellom førkristne religionar og kristendomen, og dermed også overgange mellon det førkristne midtvintersblotet og den kristne jolafeiringa. Våprt ord Jul/Jol er faktisk ein arv frå Midtvintersblotet, Jolablotet.

Utvalgte dager i desember 2020 vert det publisert cacher i Stubbar frå Snorre-serien med tema akkurat frå denne overgangen. Desse cachane er tenkt som park&grab-cacher, som kan loggast etter kvart som dei kjem ut, eller som ein relativt logisk køyretur/sykkeltur når advent er over.

Frå soga om Håkon den gode

Snorre fortel at Håkon de gode nølte med å innføra kristendommen i landet, men fastsette at jolablotet skulle samafalla med den kristne julfeiringa:

Kong Håkon var ein god Kristen da han kom til Noreg. Men av di heiile landet der var heide, og det var mykje bloting og mange stormenn, og han trong mykje om hjelp og venskap av allmugen, tykte han det var best å fara stille med kristendommen. Men han heldt sundagen og fredagsfasta. Han sette det i lova at dei skulle ta til  å halda jul  på same tid som dei kristne, og da skulle kvar mann eige eit merke øl eller så bøte. og halda helg så lenge ølet varte. Før hadde dei teke til å halda jul hokunatta, som var midtvintersnatta, og dei heldt jul i tre netter. Han var meint på, såframt han vart fotfast i landet og fekk lagt landet under seg, å komma med kristendomsbod.Han gjorde det først slik at han lokka dei kjæraste venene sine over til kristendommen; og han var så elska at mange let seg døype, og somme heldt opp med å blote. Han sat lenge i Trondheimen, for der var landets største styrke.

Og da kong Håkon tykte han hadde fått stønad av mektige menn til å halda kristendommen, sende han bod til England etter ein bisp og andre lærarar. Da dei kom til Noreg, gjorde kong Håkon kjent at han ville by dei ta ved Kristendommen over heile landet. 

Sigurd Jarl let Håkon den gode døypa son sin, Håkon.

Så,  i følge Snorre var Jolablotet ved midtvintersdagen, kva dato reknar ein vanlegvis at det var? Svar på forma MMDD, slik at til dømes 17. mai er 0517.


Du kan gje svaret til certitude.

Additional Hints (Decrypt)

[sjekkar]

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)