Les fellesinformasjonen om GT2-cachane her:
Frafjordheiane landskapsvernområde:
Eg har samarbeida med verneområdeforvaltar (Statsforvalteren i Rogaland) og grunneigarane i heile området. Verneområdeforvaltar gav melding (og kartskisse) om eit område, Fed i Fidjadalen, der det var registrert hekking av sårbare og truga fugleartar. Her skal det ikkje leggjast cachar, og det er derfor det er eit strek på ca 1,5 km utan cachar. Ta omsyn til dette fantastisk flotte området – i lag med heile strekket. Grunneigarane har fått vita at geocacharar ferdast godt i naturen. Pass på hunden på turen.
Føremålet med vernet av Frafjordheiane er, etter verneføreskrifta sin §2:
- å ta vare på eit representativt, særprega og vakkert landskap, med bratte fjord- og dalsider via lågheiar opp til glattskurt høgfjell. - å ta vare på vatn og vassdrag, viktige leveområde for eit særmerkt plante-og dyreliv, geologiske landskapsformer, samt beite- og stølslandskap med automatisk freda og nyare tids kulturminne. - å ta vare på ein særmerkt alm-/lindeskog med stor variasjon, storfrytledominert bjørkeskog, frisk fattigeng, nordvendte berg og urar, og elvar og flaumelvefar med oseaniske mosesamfunn i Røssdalen. I tillegg heiter det at ”Allmenta skal ha høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging”.
Kjelde www.nasjonalparkstyre.no
Lovdata
GT2-serien har som mål å gje deg flotte naturopplevingar, oppdaga nye turområde og fremja god helse.
Saga på Vaadlandsnuten:

Ftf på "Mulebus favoritter #051 Risaknuten 742 moh":

Dette er ca ved Giljatour #067, på veg mot Rolighetsvatnet og Hanklaheia:

Skilt:
