CITO-event måndag 21. februar kl 17.30 - 18.30.
Her er det lenge sidan vi har rydda, og vi har fått spørsmål frå Jæren friluftsråd om vi kan ta ei økt her før fuglane kjem. Parker på parkeringsplassen ved Kvassheim fyr, og gå nordover for å finne ryddeområdet. Støvlar er godt fottøy her. Kle deg elles etter vêret som dagen måtte bringe.
Friluftsrådet ønsker å gje oss pizza som takk for hjelpa, men sidan event med mat og drikke ikkje er lov akkurat no, tek vi pizza-eventet seinare i år.
VIKTIG INFO
Geocaching HQ og norske reviewarar har opna for utandørsevent i Noreg med inntil 200 deltakarar. For at event skal kunne gjennomførast, må alle deltakarar følgje desse reglane:
-
Alle som deltek har ansvar for å hindre spreiing av smitte.
-
Utstyr som vert brukt av fleire må desinfiserast før det vert gitt vidare frå ein person til ein annan.
-
Alle som vil ha mat eller drikke, må ta dette med sjølv.