“Måløy fekk sitt første hamnestyre i 1904, då Selje kommunestyre valde det første styret for «Sæternes og Skramsviken». Fiskebåtreiarane og sat i det første hamnestyret. Dei første 30 åra låg Måløy hamn under hamneadministrasjonen i Florø. I 1934 fekk Måløy ei meir sjølvstendig stilling. Men først i 1967 vart Måløy eige hamnefut-distrikt.
Nordfjord havn
I 2002 vart Måløy hamnedistrikt ein del av det interkommunale Nordfjord havn IKS. Selskapet vert leia av ein hamnedirektør og femner kommunane Vågsøy, Selje, Eid, Gloppen og Stryn. M.a. eig selskapet den store turistskipskaia i Olden.
I Måløy er Nordfjord havn største grunneigar med m.a. den store containerterminalen på Gotteberg, rutebåtkaia på Skram, der også administrasjonen er plassert, Fiskerikaia og andre hamneanlegg på Moldøen og nye containeranlegg på Trollebø. I 2008 var terminalen på Trollebø så godt utbygd at all ekspedering av containerskip vart flytta over frå Gotteberg til Trollebø.
Nordfjord Havn har og ansvaret for Måløy Småbåthavn, som i 2013 vart oppgradert og kan ta imot rundt 70 båtar.”
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
Frå Måløy går det hurtigbåt sørover kysten til Bergen og ferje til Husevåg og Bremangerlandet i sør. I tillegg legg Hurtigruta til eit par gongar for dagen på veg nordover til Nord-Norge og sørover til Bergen. 2. Mai 2022 la det fyrste cruiseskipet, det 294m lange MSC Magnifica, til kai ved Intercom terminalen. Det er planlagt 26 cruisebesøk til kystbyen mellom mai og september i år.
Denne cachen er ein mikrocache utan plass til meir enn ein liten logg. Ta med penn/blyant. Pass på å plasser cachen attende der du fann den.
---
"Måløy got its first harbour board in 1904, when Selje municipal council elected the first board for "Sæternes and Skramsviken". Also some fishing boat owners were included on the first harbour board. Måløy harbour was administered from Florø for 30 years before gaining a more independent role in 1934. But it wasn't until 1967 that Måløy gained its own truely independent harbour master-district.
Nordfjord Harbour
In 2002, Måløy harbour district became a part of the greater Nordfjord Harbour IKS. Nordfjord Harbour IKS was led by a harbour master and included five municipallities Vågsøy, Selje, Eid, Gloppen and Stryn. Among other properties the company owns the big cruiseship quay in Olden.
In Måløy, Nordfjord Harbour IKS is the largest landowner with a large container terminal at Gotteberg, the permanent barge quay at Skram where the express boat to/from Bergen docks twice a day (here the administration is also located), The fishery dock and other harbour facilities at Moldøen and the new container facilities at Trollebø. All expedating of containerships where moved from the terminal at Gotteberg to Trollebø in 2008.
Nordfjord Harbour is also responsible for Måløy Marina, which in 2013 was upgraded and can accommodate around 70 boats."
Extract from article based on NRK's Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
From Måløy you can take the expressboat south along the coast to Bergen and the ferry to Husevåg Island and Bremangerlandet to the south. In addition, hurtigruta docks here on its way north to northern Norway and south to Bergen. On the 2nd of May 2022, the cruise ship MSC Magnifica (294m), docked at the Intercom terminal. This was the first cruise ship to ever dock in Måløy. 26 cruise visits are scheduled this Summer (2022).
This cache is a microcache including only a log. Bring your own pen/pencil. PS: Make sure to place the cache back where you found it.

Tidleg morgon på Intercom terminalen i Måløy. Ferja går sørover til Oldeide på Bremangerlandet.
Early morning at the Intercomterminal in Måløy. This ferry will take you south to Oldeide on the island of Bremangerlandet.
Kart over Nordfjord Havn i Måløy / Nordfjord Harbour, Måløy.