Skip to content

Yeti Multi-Cache

Hidden : 10/25/2022
Difficulty:
3 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   other (other)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Dette er ein ganske grei multi. Start ved oppgjevne koordinatar og sjekk ut kor langt det er til Linderudkollen. Er det

A) 3,5 km så går du til N 59° 57.190 E 10° 50.100

B) 4,1 km går du til  N 59° 57.367 E 10° 50.640

C) 2,8 km går du til N 59° 56.050 E 10° 49.321

NB! Ver så snill å behandle cachebehaldaren fint.

 

Det er nokre mennesker som hevder å ha sett eit vesen høgt oppe i dei himalayiske fjella. Vesenet er høgt, hårete og det verkar å vere sky av seg. Allereie i 326 f.Kr då Alexander den store erobra India krevde han å bli vist ein yeti, men dei ingen meinte å kunne klare å finne denne skapningen då dei meinte ingen klarte å overleve dei store høgdene med dei særs låge temperaturane.

I 1951 kom den britiske fjellklatraren Eric Shipton over nokre store fotspor i snøen under toppen av fjellet Menlungtse. Sherpaer forklarte at dette var avtrykk etter den avskyelege snømannen. Etter dette vart fleire ekspedisjonar sendt ut for å leite etter fleire spor av den avskyelege snømannen, yeti.

Ordet yeti kjem av sherpaordet "yah" (klippe/stein) og "teh" (dyr), og førekjem mange stadar i sherpaenes mytologi. I 1997 vart denne observasjonen publisert av Sherpa og Peirce:

Far min gjekk og kutta gras i ei fjellside. Terrenget var bratt og han bar på ei korg for å ha graset oppi. Midt på dagen då han dreiv på kjente han brått ei fælsleg lukt. Ei verkeleg ille lukt. Han begynt å bevege seg oppover i terrenget og fekk brått aua på yetien. Yetien sat på ein stein. Den var ikkje så stor, men far min visste at dei var umenneskeleg sterke. Godt var det at far min såg yetien fyrst, og ikkje omvendt, for om så hadde skjedd hadde far min mista evna til å gå. Yetiane gjer slik at mennesker ikkje klarer å gå, for så å ete dei. Vel, heldigvis såg far min yetien fyrst, så far min tok til å springe det han var god for og kom seg heim.

 

Vel, det er langt frå dei himalayiske alpar til Årvollåsen. Om ikkje det er yetiar å få auge på her, så er det kanskje noko beslekta?

Additional Hints (Decrypt)

Gåyzbq re rva qlq / Cngvrapr vf n iveghr

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)