Skip to content

Sør-Vågsøy kyrkje / South-Vågsøy Church Traditional Cache

Hidden : 6/4/2023
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:




Sør-Vågsøy kyrkje er ei langkyrkje i tre med 600 sitjeplassar. Kyrkja vart vigsla 5. september 1907. Kyrkja er teikna av nordfjordingen Lars Sølvberg frå Utvik.

Kampen for eiga kyrkje
Historia til Sør-Vågsøy kyrkje strekkjer seg tilbake til tida kring 1900, då Vågsøy høyrde til Selje kommune, som då var den folkerikaste i fylket. I mai 1899 var over 100 oppsitjarar i Skramsbygda samla i skulehuset for å få fortgang i arbeidet med eiga kyrkje i den sørlege delen av kommunen. I fyrste omgang forma dei eit krav om deling av Vågsøy sokn. I vidareføringa var kravet å få byggje eiga kyrkje. Samstundes starta pengeinnsamlinga til føremålet. Den politiske delen av kyrkjesaka vart ei historie for seg. Mellom anna var det avgjerande for folket i Sør-Vågsøy å få flest mogleg representantar i Selje kommunestyre for å vinne fram. Dei klarte etter ein del strid å få inn seks representantar, og det gav i neste omgang utslag i vedtaka som vart fatta.

Soknedelinga var eit faktum i 1905, etter fleire år med korrespondanse mellom soknestyret og dei kyrkjelege styresmaktene. Kyrkjevegen var eit viktig moment, og i eitt av breva til "Den norske Kirkebestyrelse" stod ei skildring av denne. Der går det fram at strekninga frå Sør-Vågsøy til Raudeberg var svært vanskeleg å sigla med småbåtar grunna sterk vind. Vinden gjorde det også vanskeleg å landa ved Raudeberg. Folk frå Sør-Vågsøy måtte ofte liggje over på Raudeberg, om vinteren gjekk somme over fjellet i halvmørke for å koma til kyrkje.

Pengeinnsamlingar til kyrkja
I 1906 vart byggjenemnda vald og arbeidet kom i gang. Året etter stod kyrkja ferdig. Bilete frå vigslingsdagen i september viser store mengder folk på kyrkjebakken, minst like mange som det var plass til inne. Innsatsen frå kyrkjelyden var i hovudsak arbeid knytt til pengeinnsamling, men mange deltok også med praktisk arbeid. I den samanhengen nytta biskopen høvet under festmiddagen vigslingsdagen til å takke "ungdommen", fordi dei hadde vist stor interesse for å hjelpe til. Prosten i Nordfjord, Anton Prytz, skreiv eit eige stykke i bladet Nordfjord om den store offerviljen hjå folk flest. Her fortalde han om kva dei tre krinsane Skram, Skavøypoll og Våge hadde samla inn av pengar og om alt utstyret dei hadde skaffa. Berre lysekroner mangla, men det var meininga å gå i gang med desse òg.

Sør-Vågsøy kyrkje på Sætenes i Måløy på vigslingsdagen 5. september 1907. Mykje over 1000 menneske var møtt fram til høgtida. Biskop Erichsen vigsla kyrkja. Ein klokkestopul var sett opp nede på kyrkjegarden.
(Datering: 05.09.1907. Eigar: I Jul i Nordfjord 1982).


Lite endra
Sommaren 1951 vart det utført eit større restaurerings- og målingsarbeid i kyrkja, og det vart montert elektriske omnar. Året etter fekk kyrkja toalett.

Sør-Vågsøy kyrkje er elles lite endra sidan ho vart bygd. Framme på kvar side av koret er dei vanlege sakristia. I vest er der eit fint inngangsparti med boga glas over både hovuddøra og sidedørene. Tårnfoten gir plass til våpenhus og trapper opp til galleriet. Han går midt opp på vestveggen, der han smalnar inn i ein firkanta tårnhals og går vidare opp i eit kopartekt spir.

Inventar
Altertavla frå 1907 er laga av Sveinung Aanondson (1854-1919). Motivet er "Oppstandelsen", ein kopi av Adolph Tidemand (1814-76) sitt bilete "Christi Opstandelse" i Bragenes kyrkje i Drammen. Skildringa av Kristus er meir naturalistisk enn tradisjonen. Han stig fram frå grava. Soldatane er slått av redsle, engelen, med palmegrein, tilber.

På alteret står to lysestakar frå 1907. Nattverdsutstyret er ein kalk, ein disk, ei brødøskje og ei vinmugge, alle i sølv og frå 1907. Både preikestolen og døypefonten er i tre og frå 1907. Dåpsfatet og dåpsmugga er i sølv og frå 1907. Åtte glasmåleri frå 1952, har motiv frå Jesu liv. Fire utskorne stolar i eik frå 1932, er laga av Martin Endal.

Orgelet frå 1989 har 20 stemmer, og er laga av Marcussen & Søn. Kyrkjeklokka frå 1907 er tysk.

(Teksten er klipt frå artikkelen om Sør-Vågsøy kyrkje i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane (https://leksikon.fylkesarkivet.no/article/20c32ef4-691b-4a7e-b1ed-f6ff6deb1f4c/). Nokre forandringar er gjort i teksten.)


Sør-Vågsøy kyrkje er eit godt døme på nygotikken på 1800-talet, med søyler og gotiske spissbogar. 
(Datering: 2000. Eigar: I På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane 2. Sogn. Fotograf: Thomas Bickhardt).


Sør-Vågsøy kyrkje 17. mai 1914. Frå markeringa av 100-års jubileet for 17. mai 1814. Over altertavla heng eit banner med "Einige og tru til Dovre fell".
(Datering: 17.05.1914. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, SFFf-96138.0001).


---
"Sør-Vågsøy Church is a parish church of the Church of Norway (Lutheran) in Kinn Municipality in Vestland county, Norway. It is located in the town of Måløy on the southeastern coast of the island of Vågsøy. It is the church for the Sør-Vågsøy parish which is part of the Nordfjord prosti (deanery) in the Diocese of Bjørgvin. The white, wooden church was built in a long church style in 1907 by the architect Lars Sølvberg. The church seats about 600 people.

History
Historically, the island of Vågsøy was part of the Selje Church parish. In 1900, the Vågsøy area was made into a separate parish with Vågsøy Church serving the whole parish. Soon after, there were demands for a new church to be built in Måløy that would serve the southern part of the island. In 1905, the fairly new parish of Vågsøy was divided into two parishes. Vågsøy Church would be renamed Nord-Vågsøy Church and it would serve the northern part of the island and a new Sør-Vågsøy Church would be built for the southern part of the island. The new church was designed by Lars Sølvberg from Utvik. Construction on the new church began in 1906. On 5 September 1907, Sør-Vågsøy Church was consecrated by Bishop Johan Willoch Erichsen. The church is a neo-Gothic, wooden long church with a choir on the north end of the nave with a sacristy on each side of the choir. The church porch is on the south end of the nave and it has a tower above it. The altarpiece was painted in 1907 by artist Sveinung Aanondsen (1854-1919). The church was extensively renovated in 1951–1952. At this time, new stained glass windows were added in the eight large windows in the nave's long walls, electrical heating was added, and a bathroom was built. In 2006, the church porch was enlarged to include a meeting room, cloak room, and bathrooms. On 1 January 2020, the island of Vågsøy became a part of the newly created Kinn Municipality (before that, it was part of Vågsøy Municipality)."

Wikipedia (https://en.wikipedia.org/wiki/Sør-Vågsøy_Church)

Additional Hints (Decrypt)

Zryybz rvg cne fgrvane / orgjrra n pbhcyr bs ebpxf

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)