Denne cachen er en av tre brocacher på Vartdal. This cache is one of three caches on bridges on Vartdal.
Om plassebrua:
I 1847 vart det bestemt i Ulstein kommunestyre at det skulle byggast veg frå Årsetvika og fram i dalen på nordsida av elva, men Busetfolket måtte framleis kome seg over elva på gamlemåten. Etter den var bygt, kom Johannes Knutson frå Toregarden til Johansgarden, og blei ny eigar og brukar der.
Johannes, broren Ole i Toregarden og folket i Pettergarden fann det naturleg og ynskjeleg å ha ei bru der framme slik at dei nådde i den nye vegen, og lett tilkomst til Myklebust. For Paal fall nok ikkje denne planen i god jord, då det ville forlenge vegen for Skorte-Folket ned i bygda med fleire kilometer. Han ville bygge i Årsetbytet, men fekk ikkje dei på fremste gardane på Buset med pånoko samarbeid om denne planen. Paal starta arbeidet med brua i 1850, og den sto ferdig 18 år seinare (ref. Ole Buset). Mykje av arbeidet gjordet han åleine, men vi veit at han hadde hjelp av far Nikolai Liadal i 1865, under bygginga.
Paal var dyktig og gjorde eit svært godt arbeid. Men korleis han fekk dei store steinane på plass i brukare med dei hjelpemidla han hadde, er fremleis ukjent. Truleg nytta han vintrane når det var is og snø, til å frakte steinen ut til brukaret på isen med hest og slede. Då hadde han nok gjort steinen klar på sommartid slik den var lett tilgjengelig når det var føreforhold for fraktinga. Steinbukken var den løftereiskapen dei hadde på den tida, og med Paal sine praktiske evner blei brua ferdig.
I 1868 fekk han utbetalt eit tilskot frå Ulstein heradsstyre på 10 spd. Det var nok ingen som klipte sylvsnora med gullsaks då denne brua vart opna for trafikk, men gleda var sikkert like stor for Paal som fekk sjå ein stor draum gå i oppfylling.
Då Kvifonnene gjekk i 1873, var Paal redd for at den skulle reise med flaumen. Store orar kom siglanda på rota med toppen opp. Når dei trefte brua måtte anten brudekket gi etter, eller så måtte treet «dukke», legge seg bakover og smyge under. «Eg stod og bad at brua måtte halde», fortalde Paal seinare. Og det gjorde ho.
Då fonnene gjekk, var Plassebrua den eineste brua over Storelva som stod att uskadd. Busetbrua lenger fremme var borte og dei prøvde ikkje å sette den opp att. I staden vart det bygt veg frå dei fremste Busetbruka og ned til Plassebrua. Dei måtte byggje, koste, vedlikehalde og gje fri grunn til vegen for å få den godkjent som offentleg veg.
Slik vart det då til at alle på Buset hadde felles interesse i brua der ho var komen, då det letta deria tilgong til teigane på Svartesida. Det seiast at dei la en dalar frå kvar av dei fire Årsetbruka i brukostnadane.