I 1944 tok lokale motstandsfolk fra Hjartdal og Notodden imot det fyrste flysleppet med våpen og utstyr fra våre allierte i England til Milorg avsnitt 163.
Torvetjønn under Mælefjell var ikke lenger berre eit lite vatn i Hjartdalsfjella, men ein flysleppstad med kodenamn HORSE i det okkuperte Norge.
I samband med 50-årsmarkeringa for frigjeringa av Norge blei det i 1995 reist eit krigsminnesmerke ved Torvetjønn, til minne om dei som kjempa mot okkupantane i ufredsåra 1940 - 45.
Ved E134 nær austenden av Hjartsjåvatnet står det eit opplysningsskilt "Krigsminne". Nokre hundre meter sudover gardsvegen til Hjartsjå står ei opplysningstavle med kart.
Herifrå kan ein gå den same ruta som heimefrontkarane gjekk i 1944. Følg bomvegen opp til Uvås og vidare til Lynningsvad. Gå over flaumbrua og ta til høgre opp til velteplassen. Derifrå er det raudmerka stig opp til Torvtjønn og krigsminnesmerke.
Me tilrår å nytte godt fottøy, og ha med gode turklede, mat og drikke. Gangtida er 2-3 timar kvar veg frå Hjartsjå.
Oppstigninga kan vera hard, men belønninga er å få med seg krigsminne og eit fantastisk utsyn nordover Hjartdalsfjella.