Dette er luke nummer 6 i adventskalenderen for Bergen 2024
Her starta eit norsk industrieventyr
Året er 1846. Vi er i Ytre Arna. Peter Jebsen er 22 år. Resten er historie. Noregshistorie. Peter Jebsen frå Broager i Slesvig kjøpte Blindheimselva og starta opp tekstilproduksjon ved utløpet av elva i 1846. Elva renn frå Gaupåsvatnet ned mot Sørfjorden, er vel ein kilometer lang og har eit fall på 66 meter. Det var nok til å driva maskinene i ein tekstilfabrikk, og blir av historikarar sett på som oppstarten av norsk industri
Ved utløpet av Blindheimselva i Ytre Arna vart det første mekaniske bomullsveveriet i Noreg starta i 1846. Det var starten på industrialiseringa av landet.
Frå 1846 til rundt 1998 var det tekstilproduksjon i Arne Fabrikker. Fabrikken vaks seg til å bli ein av dei største i landet med over 1100 arbeidarar rundt 1960 før konkurranse frå utlandet etter kvart tvinga denne fabrikken som det meste av norsk tekstilindustri i kne.
Eit komplett samfunn
Rundt fabrikken vaks det fram eit komplett samfunn med butikkar, post, lege, sjukehus, pensjonat, skule og tenestetilbod, og Ytre Arna fekk ein sentrumsfunksjon for bygdene omkring.
Det som særpregar historia er at staden er så tidleg ute på så mange felt. Samvirkelagsrørsla i Noreg oppstod her med Arne Forbrugsforening i 1867, og musikkorps, idrettslag og fagforeining er blant dei eldste i landet.
Tekstilindustrien og mekanisk industri var først ute i industrialiseringa. Historikarar reknar etableringa av Akers Mekaniske Verkstad i 1841 og Arne Fabrikker i 1846 som sjølve oppstarten på den omforminga av Noreg frå eit jordbrukssamfunn fram til det samfunnet vi kjenner i dag.
Frå før var det nokre spinneri her i landet, men Jebsens veveri er det første som lagar stoff som ein kan sy klede av.
«Alle tekstilfabrikkars mor»
Ei anna side ved denne historia som ikkje er så kjent er alle dei tekstilfabrikkane som oppstod i kjølvatnet av gründermiljøet rundt Arne Fabrikker.
I løpet av dei neste tiåra kom det mange unge menn frå Slesvig, i dag Sør-Jylland, og grunnla tekstilbedrifter i området rundt Bergen. Det var fleire grunnar til at dette skjedde akkurat her.
Fleire mellomstore elvar kunne driva spinne- og vevemaskiner, arbeidskraft var det nok av, og via den store byen Bergen var det råd å få importert maskiner og råstoff, og Bergen var ein stor marknad og utskipingshamn for ferdigvarer.
Tekstilgründerane frå Slesvig
Frå den vesle kommunen Broager heilt søraust i Danmark kom mange av gründerane som starta tekstileventyret her i bergensområdet.
Broager låg på den tida i hertugdømmet Slesvig og vart innlemma i Tyskland etter krigen i 1864. Men mesteparten av befolkninga følte seg som danskar, og fleire unge menn, mellom dei fleire av tekstilgründerane, reiste til Noreg for å sleppa tysk militærteneste. Etter første verdskrig vart det halde folkeavstemming og det vart fleirtal for å slutta seg til Danmark.
Den første gründeren var Peter Jebsen. Han kalla til seg broren Johan for å hjelpe til i fabrikken sin. Fem år seinare kom broren Jürg, søskenbarnet Hans Hansen og Hans P.F. Mathiessen og starta ullvarefabrikk ved den same elva.
Søskenbarna Christian og Jørg Petersen kom til Noreg noko seinare og starta til å byrja med trikotasjefabrikk på Hop i Fana, så på Georgernes verft i Bergen og i Eidsvåg.
Seinare grunnla Peter Jebsen tekstilfabrikk på Dale, Johan Jebsen band- og lissefabrikk på Trengereid og på Solheim i Bergen, og Hans P.F. Matthiessen ullvarefabrikk i Tysse i Samnanger. Jürg Jebsen starta fabrikkar i Vestfold, og ut frå fleire av desse fabrikkane vart det og etablert dotterfabrikkar i Sverige, i Göteborg og Borås
Tel vi opp, kjem vi til 12 tekstilbedrifter i området rundt Bergen. Tar vi med fabrikkane i Vestfold og Sverige kjem vi til 18.
Det i ei tid då Noreg framleis var eit bondesamfunn og industriutviklinga elles i samfunnet enno ikkje var kome skikkeleg i gang.
Desse fabrikkane vart etablert
Fabrikkane som vart etablert var:
- Bomullsfabrikken ved Arne Fabrikker, 1846
- Ullvarefabrikken ved Arne Fabrikker, 1851
- Salhus Tricotagefabrik, 1859
- Hop Tricotagefabrik, 1879
- Dale Fabrikker, 1879
- Berger Ullvarefabrik,(Vestfold), 1881
- Pedek, 1887 (starta først opp på Verftet, der USF er no. Fusjonerte med Hop Tricotagefabrik i 1897)
- Samnanger Ullvarefabrikk, 1886
- Fossekleven Fabrik, (Vestfold), 1889
- Salhus Væverier, 1894
- Trengereid Fabrikker, 1895
- Janus, opphavleg Espelandsfos Spinderi & Tricotagefabrik, 1895
- Eidsvåg Fabrikker, 1896
- Trengereid Fabrikker, Solheim, 1910
- Fire dotterfabrikkar i Sverige ved Borås og Göteborg
«Norges Lancashire»
I bedriftshistoria til ei av desse bedriftene, Pedek på Hop, heiter det i 1954 om søskenbarna Jørg og Christian Petersen: «De tilhører den stolte garde av slesvigere som har fått æren av at Bergen med omland er blitt Norges Lancashire, med omtrent halvparten av Norges tekstilindustri».
Nokre av gründerane var i slekt, elles var det ofte fedrar eller andre slektningar som sende desse gutane av garde nordover. Dei fleste var svært unge, og mange hadde lite kapital ved oppstarten.
Peter Jebsen var 22 år i 1846, og det var på håret at ikkje fabrikken gjekk over ende alt etter eit par år. Det var først då han sjølv var med og rodde til Trondheim med eit parti vareprøver og fekk teikna ein kontrakt her at han kunne halda fram med drifta.
Lang levealder
Desse tekstilfabrikkane som vart etablert i siste halvdel av 1800-talet var ingen døgnfluger. Mange av dei fekk ein levealder på over 130 år, og nokre vidare til i dag. Fabrikkane sysselsette i løpet av denne tida tusenvis av arbeidarar. Rundt 1960 var nærare 4500 personar tilsette i dei tekstilbedriftene i bergensområdet som er omtalt her. Arbeidarane var norske, gründerane var slesvigarar.
Det er ganske påfallande at det ikkje kom fleire norske på banen. Det rike bergenske borgarskapet heldt fram med skipsfart og handel og let slesvigarane bygga opp tekstilindustri.
I tillegg til Janus, etablert av Anton Stephansen, fanst det tekstilfabrikkar etablert av nordmenn rundt om i Hordaland. Men desse fabrikkane var som regel mindre og fekk helst ei kortare levetid. Dei bedriftene som her er omtalt var dei store.
I Arne Fabrikker var direktørane heilt til ut på 1920-talet anten danske eller tyske. Først i 1928 slapp ein nordmann, trønderen Alf Bonde, til som direktør i ullvarefabrikken!
Det er lite att av tekstilindustri i Noreg i dag, men på alle desse tidlegare industristadane står kolossale fabrikkbygningar att som monument over ein viktig epoke. For nokre år sidan sende NRK Det store symesterskapet frå den moderne tekstilbedrifta Oleana i Ytre Arna, i bygningane til tidlegare Arne Fabrikker.
Seinare har dei sendt programmet frå Pedek på Hop. Det er ikkje tilfeldig at desse programma vart spelt inn i «Noregs Lancashire».
Så det er all grunn til å markera at denne viktige delen av industrihistoria i vårt område starta i Ytre Arna, ved utløpet av Blindheimselva, i 1846.
Kilde: BT/Bjørn Bremerthun
Og så til oppgaven: Legg ved ett bilde i loggen av Norsk industrihistorie som du finner her i Ytre Arna.
And then to the task: Attach a picture in the log of Norwegian industrial history that you can find here in Ytre Arna.
Virtual Rewards 4.0 - 2024-2025
This Virtual Cache is part of a limited release of Virtuals created between January 17, 2024 and January 17, 2025. Only 4,000 cache owners were given the opportunity to hide a Virtual Cache. Learn more about Virtual Rewards 4.0 on the Geocaching Blog.