Ny klatremus, denne gongen utanfor eiga kommune. Me pleier jo stort sett reisa litt utanfor Klepp sine grenser for å finna gode turmål. Etter ein god diskusjon rundt frukostbordet om kvar me skulle leggja ut cache, var me alle einige om at turen skulle gå til Håfjell på Lye. Her har me gått mange turar før, men eg var litt usikker på om det fanst ein ledig plass til cachen. Jaja, me prøvde – og jammen fann me eit sted!
Dette er ein fin og passe kort tur om du parkerer ved Monsanut barnehage og følgjer stien opp. Perfekt for små bein å gå på. Og rundt plassen der cachen heng, veks det mykje blåbær i sesongen – varmt anbefalt for barnefamiliar! Ein kan følgja stien vidare opp til toppen, der ein får flott utsikt og finn lune, vindstille område der ein kan kose seg. Der er til og med nokre klatreområde med berg og stein som dei små synest er spennande!