CITO-event tysdag 31. mars kl 18.00 - 19.00
På rullesteinstranda i Stavnheimsvika blir det visst dessverre aldri tomt for søppel. Bli med på ryddedugnad og plukk søppel i lag med oss! Alle (både barn og vaksne) som ikkje er dårlege til beins kan vere med. Du bør vere godt kledd for ver og vind, og støvlar er lurt å ha på beina. Det er sosialt og nyttig, og gjev god trim. Vi møtest i Stavnheimsvika.
Vi har fått hanskar og sekker av Jæren Friluftsråd, dei ligg klare både ved dei to parkeringskoordinata, og ved naustet i Stavnheimsvika.
Sekkene vi fyller, set vi oppe ved fylkesvegen etter endt event, så hentar Jæren friluftsråd dei dagen etter (sjå oppgitt veipunkt).
Til informasjon om du har med hund: I Hå er det bandtvang heile året.
Eventet er del av den første CITO-sesongen i 2026. Om du loggar deltatt på eit CITO i perioden 1. mars til 31. mai 2026, vil du få ein suvenir.